Drivkrafta i misjonen

Det skulle vere ein god rettesnor om dei organisasjonene ein samarbeider med, også har eit evangelisk siktemål, skriv Dagen på leiarplass.

«For meg er sjøl­ve driv­kraf­ta i mi­sjo­nen at det er mange folke­slag som ikkje er nådde med evan­ge­li­et», sa Nor­mi­sjons av­trop­pan­de ge­ne­ral­sek­re­tær Rolf Kjøde her i avisa ons­dag.

Frå ein mi­sjons­lei­ar kan det verke som ei sjølv­sagd ut­segn, men langt inn i Mi­sjons-Noreg ser vi at slik er det slett ikkje.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då Jeff­rey Huse­by til­tred­de som ge­ne­ral­sek­re­tær i Mi­sjons­sel­ska­pet i 2011, sa han at ei av opp­gå­ve­ne ville være å samle støt­te til for­kyn­ning, ikkje berre til dia­ko­ni eller bi­stand.

I da­gens avis skriv Indre­mi­sjons­for­bun­dets styre­lei­ar Sver­re Dag Ljø­nes om kor­leis det er let­ta­re å samle inn pen­gar til hu­ma­ni­tæ­re pro­sjekt enn til for­kyn­ning av evan­ge­li­et.

Det er umoge­leg å skil­je for­kyn­nin­ga av evan­ge­li­et frå den prak­tis­ke neste­kjær­lei­ken som Jesus sjølv er det frems­te dømet på. Der­for er det uluk­ke­leg at desse to for ofte blir stil­te opp mot kvar­and­re.

Li­ke­vel er det av­gje­ran­de å minne kvar­and­re om at men­nes­ke blir frels­te berre ved å høyre evan­ge­li­et om Jesus Kris­tus. Her­ren bryr seg om at vi treng mat og klede, hus­væ­re og ar­beid. Vi står i Guds te­nes­te når vi hjel­per vår neste.

No i faste­tida blir dette sær­leg ak­tua­li­sert gjen­nom pro­fe­ten Je­sa­ja, som skriv at den fas­ten Gud har valt er kjenne­teik­na av å «dela ditt brød med svolt­ne og la hjelpe­lau­se og heim­lau­se koma i hus.»

Men i ei post­mo­der­ne sam­tid er evan­ge­li­ets eks­klu­si­vi­tet meir om­stridd. Det er krev­jan­de å hevde at Bi­be­lens bod­skap om til­gje­ving for syn­de­ne i kraft av Jesu blod, er sjøl­ve sva­ret for alle men­nes­ke, uav­hen­gig av kul­tur og bak­grunn.

Då er det let­ta­re å snak­ke om syn­leg naud og fat­tig­dom.

Difor kan det verke når Rolf Kjøde åt­va­rar mot å la mi­sjon verte ei «kris­te­leg ut­gå­ve av Raude­kros­sen eller Redd Barna». Dette er na­tur­leg­vis ikkje noko for­søk på å ned­vur­de­re det uhyre ver­di­ful­le ar­bei­det desse or­ga­ni­sa­sjo­na­ne gjer. Men for ei kris­ten kyr­kje er det naud­synt å holde blik­ket vendt mot det evige.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når den syn­le­ge nauda slik vert meir in­ter­es­sant enn den ån­de­le­ge og usyn­le­ge, er det tru­leg eit sym­ptom på den store tron­gen til ån­de­leg for­ny­ing mel­lom dei tru­an­de i vår tid. Meir enn vi ten­kjer over, vert vi alle prega den tida vi lever i, og av den se­ku­læ­re til­nær­min­ga til livet.

Det er ingen grunn for at evan­ge­li­ka­le krist­ne skul­le over­late dia­ko­ni­ens arena til li­be­ral­teo­lo­gis­ke kref­ter. Og det er grunn til å glede seg over eit vek­san­de so­si­alt sam­vit mel­lom unge krist­ne i det låg­kyr­kje­le­ge og fri­kyr­kje­le­ge land­ska­pet.

Dei siste åra har vi også sett at flei­re miljø har en­ga­sjert seg i ar­bei­det mot traf­fick­ing, vår tids sla­ve­ri. Men­neske­han­del kren­kjer Guds bi­le­te grovt, og det er difor helt på sin plass at kyr­kja går inn i denne kam­pen.

I alt dette skul­le det sam­stun­des vere ein god rette­snor om dei or­ga­ni­sa­sjo­ne­ne ein sam­ar­bei­der med, også har eit evan­ge­lisk sikte­mål. Bi­stand er på sitt beste når den møter både ån­de­le­ge og ma­te­ri­el­le behov.

For både kyr­kje­ly­dar og krist­ne or­ga­ni­sa­sjo­nar skul­le det difor vere na­tur­leg å søkje sam­ar­beid med pro­fe­sjo­nel­le ak­tø­r­ar som kom­bi­ne­rer tru og bi­stand slik at men­nes­ke som vert redda ut av naud og fan­gen­skap, også får møte Han som til­byr red­ning for æva.

Les også
«Vi kan ikkje akseptere at misjon degenererer til ei kristeleg utgåve av Raudekrossen eller Redd Barna»Rolf Kjøde
Les også
- Det handler om alle folkeslag