❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Driv eg med åndeleg pludring?

JENS THORESEN: Pastor i Kristkyrkja på Stord og pensjonert lærar.
Publisert Sist oppdatert

Langfredag 2026: Jan Bygstad meiner at den profetiske talen eg oppvurderer i røynda er «åndeleg pludring». Korleis kan han meina det utan å spørja meg om han har forstått meg rett? 

No er ikkje «åndeleg pludring» eit uttrykk eg finn i Bibelen, så dette kan han umogeleg ha frå Gud sidan Gud berre talar gjennom Bibelen etter Bygstad si meining. Då må han ha kome på det grovt nedsetjande uttrykket sjølv, eller han har høyrt det frå anna hald. Eg veit ikkje. Og ikkje veit eg kva han meiner med det heller. Han definerer det ikkje. Men han meiner likevel at eg promoterer «åndeleg pludring». 

Det er problematisk å ta stilling til, og han gjev då heller ikkje noko døme på kva det er for noko han snakkar om. Men fenomenet høyrest ikkje så klokt ut. Skal eg prøva å forstå det må det bli noko slikt: Babysnakk i Guds namn utan substansielt innhald? Eg veit ikkje. Han skriv ingenting om det. 

Powered by Labrador CMS