| Debatt
Difor kan kristendommen vera opium for folket
TEOLOGI: Med læra om Jesu død som betaling for våre synder, har me ikkje lenger ansvar for korleis me lever, fordi Jesus slik tok alt ansvaret på seg, skriv Vidar Sætre.
Adobe Stock
I Korsets seier 6/9 gav Kent Andersen sosialistane skulda for den dårlege relasjonen til kristen verksemd, trass i sams ønskje om å gjera verda betre. Han viste til Marx-utsegnet om ‘opium for folket’, eit sekulært ateistisk livssyn, forfølgjing i kommunistiske land og sosialdemokratisk motstand mot kristen verksemd.
Andersen ser ut til å meina at kristendommen er fullkommen, og difor ser han feil berre hjå andre. Men med 50 års erfaringar i ønsket om å satsa på Jesus som min herre, har eg funne farleg tankegods i kristendommen, som eg meiner kan omtalast som ‘opium for folket’:
1. Forventninga om ei uforgjengeleg framtid og/eller eit betre liv etter døden, jf. Fil 1,21-23; 1 Kor 15,51-52 og Op 21,4. For viss ein er overtydd om at døden er inngangsporten til betre liv, er det kort veg til sjølvmord/aktiv dødshjelp når ein ikkje finn meining i noverande liv. Og forventninga om å bli uforgjengelege og syndfrie i eit problemfritt liv der framme, er i konflikt med Matt 7,21-27 og Jer 31,35-36 (med mindre ein trur Gud vil forkasta Israel).