Debatt
INGVILL KVALSNES BLOM: Ordførerkandidat for KrF Øygarden.
Kristelig Folkeparti
Di stemme kan sørgje for at KrF si stemme vert høyrt
Det er om lag 100 dagar til kommuneval og fylkesval, og KrF har mål om at fleire faste seter i kommunestyresalen fyllast av ein KrF-politikar etter valet 11. september. Samfunnet treng KrF meir enn nokon gong. Kvifor?
Dei kristne verdiane har vore avgjerande for utviklinga av lovane, menneskerettane og demokratiet i landet vårt. Desse verdiane gjer inspirasjon til politisk kamp for menneskeverdet, omsorg for dei sårbare og aktiv forvalting av skaparverket. Kristne verdiar og kulturarv har i over 1000 år vore det byggjande fundamentet for samfunnet vårt.
Uavhengig av livssyn er dette trygge og gode verdiar å basere livet og samfunnet på. Politikk handlar om kvardagen til folk, og KrF sine verdiar gjev gode svar på kva folk treng og korleis midlane skal brukast.