Debatt
MØTEVEKER: På Algrøy Bedehus har eg og mange andre hatt møteveker, skriv Karl Einar Tvedt.
Tor-Helge Gundersen
Det skjedde også mykje godt i Bedehus-Noreg på 80- og 90-talet
Tirsdag 17. januar har Sten Sørensen eit innlegg om åtti- og nittiåra i kristen samanheng. Eg føler at dette blir skeivt om dette blir ståande som heile historia. For dette er historia om det karismatiske miljø i Norge.
Eg trur ikkje Sørensen vil favna alt kristenmiljø i denne tida, men eg vil gjerne leggja til at i bedehusland var det veldig mange møter og mange predikantar som reiste frå bygd til by og heldt oppbygging.
Nei, ikkje alltid store flokkar, men mange flokkar som trufast kom saman gjerne veke etter veke. Og det hende nokre nye gav seg over til Herren. På siste side i same avis er eit bilete av Algrøy Bedehus der eg og mange andre har hatt møteveker.