Debatt
GJENSYN: Korleis kan me oversjå dei bibelorda som fortel om skilnaden på her og der, spør Jostein Sandsmark.
Gorm Kallestad / NTB
Det salige liv – om å kjenne kvarandre igjen
Karl Martin Ervik skriv i Dagen av 27.10. om det evige livet i himmelen. Men det verkar for enkelt og jordbunde. Han flytter det positive i det jordiske inn i himmelen og gler seg over det. Det har me lov til, men eg trur det vert for smått når ein slik dveler ved gjensynet av slekt og vener.
Det er likevel taktlaust å nekta slike tankar i helgemessetider.
Kva med dei som ingen familie og vener har hatt? Også familierelasjonane er sletta. Og skulle ein treffa alle gode slektningar, så risikerer ein også å møta slike som gjorde vondt mot deg i jordelivet – han som valdtok dottera di, eller den som drap både deg og borna dine?