❄️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

Meninger

IKKJE HEILT UMOGELEG: Det har vore mange dyktige motrøyster i debatten i Dagen som kunne ha gjort ein god jobb i debatten på Arendalsuka, skriv Erling Thu.

Det nyttar ikkje å skulda på Ansgar-rektoren!

Publisert Sist oppdatert

For kort tid sidan skreiv Dagen at Norges Kristne Råd inviterer til debatt om «likestilling og underordning – kvinners lederroller i kristne menigheter» under Arendalsuka.

Med i panelet skulle det vera både teologar og leiarar frå kristne kyrkjesamfunn, men ingen av dei stod sjølv for eit syn om at kvinna skal underordna seg mannen. Dette tykte eg var oppsiktsvekkjande. Leiaren sa at dei hadde forsøkt å oppspora motstemmer utan å lukkast. Desse forsøka må ha vore halvhjarta, for det har vore mange dyktige motrøyster i debatten i Dagen som kunne ha gjort ein god jobb i debatten på Arendalsuka.

Nokre av dei som dei trudde var aktuelle, stod ikkje for ein underordningsteologi. Dette seier meg at det kristne maktapparatet og den teologiske eliten har dårleg kontakt med den kristne grasrota.

Powered by Labrador CMS