Det må ikkje bli stille om Jesus

Hovudsaka er at menneske skal gå frå evig død til evig liv. Den kristne bodskapen handlar om eit håp som går ut over grava.

Den amerikanske forkynnarenWill Graham er denne veka på møteturné langs norskekysten. For dei fleste nordmenn er han ikkje nokon kjendis. Bestefaren hans er det derimot mange vaksne og eldre som har høyrt om.Billy Graham har forkynt evangeliet for fleire menneske enn nokon annan person gjennom heile kyrkjehistoria, er det blitt sagt.

No er Graham senior blitt 97 år gammal. Det er ti år sidan sist han forkynte offentleg. Oppdraget med å spreie bodskapen om Jesus Kristus er likevel ikkje fullført. Tvert om er det meir enn nokon gong behov for at Ordet om Jesu liv, død og oppstode når ut til nye menneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg trur på proklamerande forkynning, erklærte Will Graham i eit intervju som vi hadde på trykk i går. Han påpeikte at vi må opne munnen for å fortelje folk om Jesus. Her er han heilt på linje med Paulus. «Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner?» spør apostelen i Romarbrevet 10.

I vår tid er det ikkje uvanleg å sitereFrans av Assisi: «Forkynn evangeliet, om nødvendig med ord». Rett forstått kan utsegna ha noko føre seg. Eit ekte og integrert liv som etterfølgjar av Jesus frå Nasaret vil bli lagt merke til. Det kan få folk til å spørje kva som er drivkrafta for å leve slik. Men utsegna til Assisi kan lett bli både misforstått og misbrukt.

Ord er nødvendige. Trua kjem jo av forkynninga, som Paulus understrekar. Jesus gjorde ikkje berre gode gjerningar. Store delar av evangelia gjengir Jesu ord. «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet», seier Jesus i Johannes´evangelium 5.

Det er vel og bra om einskilde kristne og den kristne kyrkja som heilskap har ein positiv innverknad på medmenneske og samfunn. Eigentleg skulle det berre mangle. Men det viktigaste siktemålet må vere langt større enn som så. Hovudsaka er at menneske skal gå over frå evig død til evig liv. Den kristne bodskapen handlar om eit håp som ikkje går til grunne i grava.

Leiaren for Europa-arbeidet tilBilly Graham Evangelistic Association,Hans Mannegren, påpeikai Dagen laurdag at utfordringa i vår tid ikkje berre er manglande interesse for evangeliet hos ikkje-kristne. Vel så alvorleg er det at «mange kristne har mista motivasjonen for å vitne om Jesus til naboar og vener», som han sa. Vi trur han har heilt rett i at det bibelske røyndomsbiletet, med frelse og fortaping som dei to utgongane av livet, er kraftig svekt også mellom kristne.

Dei gode nyheitene er at Jesus framleis er ein levande realitet. Den kristne Gud, som vi møter i Bibelen, presenterer seg med namnet «Eg er». Det gjeld til alle tider. «Jesus er i går og i dag den same, ja, til evig tid», understrekar forfattaren av Hebrearbrevet.

Desto viktigare er det at vi både høyrer om Jesus og snakkar om Jesus. Det må ikkje bli stille om verdas frelsar. Derfor er vi også takksame for at Will Graham vil dele bodskapen om han - og oppmuntre norske kristne til å gjere det same.