| Debatt
Det konkurrerande mennesket
KONKURRANSEMENNESKET: Det konkurrerande mennesket, er lite påakta – endå om det har vore framståande sidan dei to førstefødde på jord, brødreparet Kain og Abel, konkurrerte om Guds velvilje, skriv Jostein Sandsmark.
Adobe Stock
Me er ikkje ukjende med skapningane homo sapiens, homo erectus, homo faber og homo ludens (det tenkjande, oppreiste, skapande og leikande mennesket). Men homo compotitor, det konkurrerande mennesket, er lite påakta – endå om det har vore framståande sidan dei to førstefødde på jord, brødreparet Kain og Abel, konkurrerte om Guds velvilje.
Kain var ein dårleg tapar og slo i hel vinnaren Abel.
I all tid seinare har konkurranseånda, mannjevningslysta vore sterkt rådande i mannsætta – i alle samanhengar – i alle tidsaldrar. Det å vera god, betre, eller helst best, har vore eit mål til alle tider i alle forhold.