USUNT?: Å utfordra unge menneske til å gje alt for Jesus og leva brennande og heilhjarta for han, blir framstilt som usunt og skadeleg, skriv Erling Thu. Illustrasjonsbiletet er frå Skjærgårds Music & Mission i 2017.

Debatten om å gje alt for Jesus er absurd

Det føregår ein ganske absurd debatt i media i dag om å gje alt for Jesus. Å utfordra unge menneske til å gje alt for Jesus og leva brennande og heilhjarta for han, blir framstilt som usunt og skadeleg.

Ei storsamling av kristen ungdom, som vil kalla unge menneske til radikal etterfølging av Jesus, blir kritisert og omtalt som noko negativt.

Eg er forundra over at kristne leiarar kjem med åtvaringar mot å bruka uttrykket – all in for Jesus – alt for Jesus.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Kan det finnast noko betre liv for unge og eldre menneske enn det å gje alt for Jesus? Han ga alt for oss. Han tok vår skuld og straff. Han døde og leid for oss. Han vann over synd og død og sto opp att frå dei døde for å gjera oss reine og rettferdige for Gud.

Les også
Misjon i motgang og medgang

Av berre nåde frelser han oss og fullfører den gode gjerninga han har begynt i oss. Denne nåden oppsedar oss til å seia nei til alt ugudeleg og alle verdslege lyster slik at vi kan leva i sjølvkontroll, rettferd og gudsfrykt. Alt for Jesus, er det gode livet i Guds nåde.

Eg er forundra over denne kritikken som snakkar ned og faktisk umyndiggjer unge kristne som med iver satsar alt på Jesus.

Å vera halvhjarta, tvilande, lunken eller rett og slett å venda seg frå Gud og hans gode lover, er å oppsøkja trøbbel. Å kalla seg ein kristen, men leva som om Gud ikkje finst og som om hans lover ikkje lenger gjeld, er å lura seg sjølv og gjera trua sekulær. Å seia nei til Gud og hans gode lover er skadeleg.

ERLING THU: Forkynnar i Kristent Nettverk.

Det sekulære livssynet skaper harde og nådelause samfunn. Fariseismen og dei mange boda og reglane eg møtte i min ungdom var skadelege, men dei prestasjonskrava unge menneske møter på mange område i samfunnet i dag er endå verre.

Samfunnet vårt begynner no å hausta fruktene av ei sekularisering som har gått føre seg over lengre tid. Det er politisk korrekt å flagga for og heia på dei som syndar og bryt Guds lover. Materialisme, rasjonalisme og hedonisme sit i høgsetet. Kristne som held fram Guds ord og apostolisk lære blir uthengde og spotta.

Les også
Politikk og misjon

Det har aldri før vore så akseptert å følgja sine eigne lyster og verkeleggjera seg sjølv etter eigne kjensler, men likevel har det aldri vore så mange unge menneske som gjer slutt på livet. Psykiske lidingar veks om seg som aldri før.

Fleire og fleire slit med å finna meining med livet i vårt velferdssamfunn. Velstanden er stor.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skadelege teoriar, som ikkje byggjer på vitskap, men på individuelle kjensler, blir gjort til norm.

Fridomen til å leva som ein sjølv vil har ingen grenser. Likevel opplever mange at livet er svært vanskeleg. Stadig fleire veit ikkje kven dei er. Biologiske fakta blir bortforklarte og fornekta. Skadelege teoriar, som ikkje byggjer på vitskap, men på individuelle kjensler, blir gjort til norm.

Barn og ungdom er utsett for ei enorm sosial eksperimentering, og dei negative effektane begynner å visa seg.

Sjølvsagt veit eg at kristne menneske kan slita med både psykiske sjukdomar og andre lidingar. Livet med Jesu er ikkje eit lettvint liv. Tru og heilhjarta etterfølging av Jesus byr på mange utfordringar. Likevel er det det einaste livet som er verdt å leva både i rike og fattige land. Sjølve meininga med livet finn vi ved å gje alt til Jesus.

Les også
Heller ikkje i dag skammar eg meg over evangeliet

«For av han og ved han og til han er alle ting. Han vere ære i all æve! Amen» (Rom 11,36).

Eg skulle ønskja at alle eldre og godt vaksne kristne var brennande ivrige for Jesus og at dei bryr seg og engasjerer seg for å hjelpa unge kristne til å gje alt for Jesus. Kristne barn og ungdomar treng all den støtte og oppmuntring dei kan få frå modne kristne.

Lat oss heia på dei som gjev alt for Jesus og be om ei åndeleg oppvakning for komande generasjonar.