MISJON: Kvar einaste gong eit menneske tek imot frelsa i Jesus Kristus og går frå mørke til lys, då opplevast misjon som medgang, skriv Erling Thu.

Misjon i motgang og medgang

Vi lever i underlege tider. Det norske samfunnet endrar seg svært raskt. Mange vil seia at det er ei skremmande utvikling vi er vitne til. Tusenårige tradisjonar blir skifta ut. Menneskelivet blir forstått og forklart på nye måtar.

Det kristne livssynet ser ut til å vera på vikande front. Eit sekulært livssyn dominerer media. Å halda fast på bibelsk lære og kristen forståing av menneskelivet blir meir og meir politisk ukorrekt. Såkalla konservative kristne er ein utsett minoritet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er lenge sidan misjonærane fekk takk i dei store nyttårstalane på TV for den innsatsen dei gjorde i land langt borte. Det er lenge sidan misjon vart oppfatta som eit positivt ord i media. Misjonsarbeid siglar ikkje lenger i medvind slik det i ein viss grad gjorde då eg var yngre.

Likevel kan vi ikkje slutta å driva misjon. Medgang eller motgang er ganske irrelevant. Misjonsoppdraget kjem frå Herren, frelsaren som døydde for våre synder og stod opp att så vi skulle bli rettferdige for Gud. Jesus omtalte Gud ofte som «han som har sendt meg».

Jesus var medviten om at han var sendt, at han var ein misjonær, ein utsending. Han kom for å gjera Guds vilje og ta del i Guds misjon for å gjera frelse tilgjengeleg for alle menneske. Det kosta han livet. Mange kristne som driv misjon møter i dag den same lagnad.

Då eg som ein ung gut høyrde misjonærane på bedehuset fortelja frå arbeidet på misjonsmarka vart misjonsgløden tend i hjartet mitt. Eg kan ærleg seia at den gløden framleis brenn i meg.

Misjonskallet har teke meg til mange land med evangeliet, jamvel om eg ikkje vart ein vanleg misjonær. Eg møtte Jesus i Ordet på ein slik måte at eg vart utmeldt or statskyrkja og vart dissenter. Dette innebar stor motstand frå den rettruande majoriteten. Misjon og motstand har sidan eg var ung vore tett knytt saman.

Likevel må eg driva misjon både heime og ute. Misjonsarbeid er å koma med godt nytt om tilgjeving og forsoning. Det er å gje folk tru og håp. Det er å hjelpa folk til frigjering og nytt liv.

Kvar einaste gong eit menneske tek imot frelsa i Jesus Kristus og går frå mørke til lys, då opplevast misjon som medgang. Når evangeliet set rusmisbrukarar fri og direktørar finn fred, då er det medgang.

Når brotne relasjonar blir lækte og familiar forsona og gjenreist, då er det glede. Når du ser korleis det gamle evangelium forandrar folk, då får du nytt mot til å driva misjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Menneskemeiningar, moter og trendar kjem og går. Filosofiar og livssyn kjem og forsvinn. Politiske korrekte meiningar har ein tendens til å bli gammaldagse. Himmel og jord skal forgå, men Jesu ord skal aldri forgå.

Evangeliet om Guds rike, det Jesus forkynte, er alltid like aktuelt. Heilt enkelt fordi mennesket sitt grunnleggjande problem er det same til alle tider og i alle kulturar. Problemet er synd og egoisme.

Dette er alle menneske smitta av. Dette er eit historisk faktum som ikkje kan bortforklarast med fine ord og teoriar. Alle menneske har synda og kjem til kort. Alle menneske treng tilgjeving, også dei som ikkje veit det!

Alle kristne er kalla til å driva misjon. Misjonsmarka er rett utanføre dørene våre. Evangeliet om Guds rike, om tilgjeving, frelse og forsoning, må forkynnast med stort frimod. Evangeliet er framleis Guds kraft til frelse i både motgang og medgang.

FORKYNNAR: Erling Thu er forkynner i Kristent Nettverk.