FØRSTE GONG: I år oppfordrar eg alle mine venner å stemma KrF! Dette er første gongen i heile mitt liv at eg ope seier kven eg stemmer på ved eit val og oppmodar andre til å gjera det same, skriv Erling Thu.

Politikk og misjon

Vi lever i eit demokrati og i eit av verdens beste velferdssamfunn. Likevel er det ting som gjer mange av oss urolege. Samfunnet blir meir og meir sekularisert og tru og religion blir problemanisert.

Det blir vanskelegare for dei truande som vil halda fast på den bibelske rettleiing om moral og samliv. Sterke krefter vil kontrollera og regulera trudomssamfunna. Trusfridomen er faktisk under press. Det er val i år og valkampen går for fullt. No er din stemme veldig viktig!

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Politikk er vanskeleg. Gode kristne stemmer på mange ulike parti og støttar ulike løysingar. Alle partia eg kjenner til har gode element i programma sine, men eg har ikkje funne eit einaste parti som eg er heilt fornøgd med. Dei beste løysingane kjem ved å byggja alliansar og inngå kompromiss i enkelt saker for å nå nokre viktige overordna mål.

I år oppfordrar eg alle mine venner å stemma KrF! Dette er første gongen i heile mitt liv at eg ope seier kven eg stemmer på ved eit val og oppmodar andre til å gjera det same. Mange parti har gode løysingar, men vi treng eit sterkt verdiparti som KrF på Stortinget!

Mykje står på spel og kvar stemme på KrF er viktig! Eg er ikkje glad for alt KrF har stemt for i regjeringa, men trur likevel dei har oppnådd mykje ved å ta styringsansvar saman med andre. Du treng heller ikkje vera enig i alt for å stemma på KrF i år!

Eg la ut ei slik oppmoding på fjesboksida mi og fekk mange ulike kommentarar, både positive og negative. Folk som gav seg ut for å vera konservative kristne kom med harde ord mot KrF, som etter deira meining hadde svikta fullstendig.

Eg liker ikkje strid og harde ord. For oss kristne er ikkje politikk og val det viktigaste. Vi har del i eit misjonsoppdrag som er mykje større enn noka politisk program eller parti.

Det viktigaste er at vi ber for land og folk om ei åndeleg oppvakning og vekking. Det er det landet vårt treng framfor alle ting! Kven som vinn valet og kva slags regjering vi får, har svært lite med åndeleg oppvakning og vekking å gjera.

Framtida til kristentrua og den kristne kyrkja i landet vårt er ikkje avhengig av politiske parti, men av at vi kristne tek misjonsoppdraget vårt på alvor. Evangeliet må forkynnast og nye folk må døypast og gjerast til læresveinar som lever etter Jesu lære.

Bønn ligg under alle store vekkingar. Bønn og trufast forkynning av ordet om korset har kraft i seg til å skapa ei åndeleg oppvakning til alle tider og i alle kulturar. Når kristne ber for naboar og venner og viser trufast kjærleik og godleik i praktisk gjerning, då får evangeliet gjennomslag. I vårt land veks det fram eit bønnefolk på tvers av kyrkjesamfunna. Folk møtest til bønn i små og store samlingar. Dette skaper håp for framtida.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er også mange evangeliseringsinitiativ på gang mange plassar. Evangeliet blir forkynt på gater og torg. Mange sjuke og lidande får forbønn og opplever Guds kraft til både helse og frelse. Ei oppvakning er på gang. Lat oss med frimod halda fram med å forkynna ordet om korset og be fram ei himmelsendt vekking.

Politikk er viktig, men misjon er viktigare!