Debatt
PASCAL: Det er i år 400 år sidan Blaise Pascal vart fødd. I «Verdens litteraturhistorie» vert han karakterisert som «En sinnets heros og et forargelsens tegn – et skremmende geni», skriv Øyvind Vevle.
Adobe Stock
«Det finst inkje nytt under sola»
Det er i år 400 år sidan Blaise Pascal vart fødd. I «Verdens litteraturhistorie» vert han karakterisert som «En sinnets heros og et forargelsens tegn – et skremmende geni». Han vart ingen gammal mann, berre 39 år, og på slutten av livet var han plaga av sjukdom.
Dei siste åra, i dei periodane han var arbeidsfør, gjorde han eit omfattande førearbeid til eit forsvarsskrift for kristendomen, retta mot blant andre fritenkjarar og jesuittar. Dei første møtte han i det elegante, flotte selskapslivet i Paris, og dei siste kjende han som god katolikk og skarp observatør av tilstanden i kyrkja. Dette førearbeidet er gjeve ut i bokform og går under tittelen «Tanker», eller «Pascals Tanker».
Det var særleg eitt moment som slo meg då eg las kritikken hans av ein spansk jesuitt som heitte Escobar y Mendoza. Denne jesuitten hadde gjeve ut «Moralteologi» (1644) og vart eit tilbakevendande mål for Pascal sin ironi og spott i «Provinsialbreva» som han skreiv litt før førearbeidet til forsvarsskriftet.