| Meninger
Det er sant at kristne til tider har sagt nei til for mykje
DEBATTANT: Kunstnar Odd Dubland skreiv tidlegare i sommar om det kristelege, det menneskelege og det syndige. Han har fått fleire svar.
Helene Reite Uglem
Odd Dubland skriv i eit innlegg i Dagen tidlegare i sommar at det ikkje går an og dela livet i kristeleg og syndig. Han føreslår ei tredeling: Kristeleg, menneskeleg og syndig. Med utgangspunkt i Arne Garborg si bok «Fred» viser han, slik han forstår det, kor gale det går når ein vil dela alt i kristeleg og syndig.
Det er ikkje vanskeleg å forstå Dubland sitt siktemål. Ein oppriktig kristen må jo berre få vondt av den «kristendom» som Garborg skriv om. Ein ser at her er eit kvart ramlande gale.
Likevel er det inga fullgod løysing Dubland kjem med.