| I Fokus
Det er ikkje enkelt å vera menneske
NÅDE: I Jesus Kristus møter Gud oss med nåde: Synda er sona, gjelda betalt og skulda teken bort. Difor kan eit menneske reisa seg etter store fall, skriv Erling Thu.
Adobe Stock
Det kan vera skremmande å sjå inn i seg sjølv. Vi er fulle av motstridande trekk. Det gode og det vonde kjempar om makta i oss. Sorg og glede, tunge tankar og tru, fortviling og tillit, bur side om side. Vi skadar med ord som skjer djupare enn kniv. Og vi lækjer med mild omsorg som varer lenger enn medisin.
Vi kan brenna av lidenskap og fordøma oss sjølve for det som kokar i blodet. Tiltrekking vekkjer lengt og attrå, ein lengt etter at det å vera menneske skal få kropp og uttrykk. Nettopp denne lidenskapen er beviset på at vi lever.
Vi trur og tviler, på filosofiar og vise ord, på tradisjonelle meiningar og det som no blir rekna som rett meining. Tviler på religion og heilage bøker, på eigne kjensler og motiv. Ein slik tvil treng ikkje vera farleg. Han kan vera vegen til å finna kvile i Han som er.