HOLOCAUST: Overlevande born fotografert i konsentrasjonsleiren Auschwitz i 1945. – Historia bør vera ein augeopnar for oss alle. For antisemittismen er dessverre på frammarsj i Europa og USA, skriv Birger Bolstad.
AP Photo / NTB scanpix
Det angår også deg
Diktaren Arne Garborg skriv: «Svar vert gløymde og Svar seg lagar, Spursmåli brenn i alle Dagar.»
Visse spørsmål blir eg aldri ferdig med. Sivilisasjonssamanbrotet i Europa på 1900-talet, nazi-Tyskland og Holocaust (også det norske!) er tema der spørsmåla brenn. Korleis kunne ein kulturnasjon som Tyskland enda opp i barbariet? Korleis kunne folkemordet på seks millionar jødar vera mogeleg? Kvifor ser me ein aukande antisemittisme i Europa i dag?
Journalisten og forfattaren Marte Michelet fekk i 2014 Brageprisen for boka «Den største forbrytelsen», om det norske Holocaust. No i haust har ho gjeve ut ei ny bok, «Hva visste hjemmefronten? Holocaust i Norge, varslene, unnvikelsene, hemmeligholdet.»
Jødeforfølginga i Noreg er kanskje den mørkaste hendinga i krigshistoria vår. 773 norske jødar vart deporterte til Auschwitz, dei fleste med skipet Donau 26. november 1942, dei siste med D/S Gotenland noko seinare. Kvifor hjelpte ikkje den norske motstandsrørsla?