LYS: Pandemien sette kjeppar i hjula på kvardag og fest for så mange. Og medan me ser lyset i enden på tunnelen så er me enno ikkje ute, seier fagfolka, og ber oss vere på alerten, skriv Jan Helge Aarseth om her.

Den nye normalen

«Forvent det uventa», sa den gamle misjonærane til oss nykomlingane på det afrikanske kontinentet, og sette punktum med ein godsleg klapp på skuldra.

«Det uventa?» Ja, ingen kunne vel heilt ha førebudd seg på det me etter kvart skulle hamne i, og alle dei gongane me skulle stå der små og totalt makteslause og rådville. Det gjekk ei stund før me forstod at dette eigentleg handlar om meir enn eit liv i Afrika, men om det å leve, og om å vere menneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I vårt land har mange forventingar for kvardag og framtid som er skyhøge, der pilene peikar oppover, og prognosar går i pluss så langt auge rekk. Så kjem noko rekande frå ingenstad som heiter «det uventa».

Nokre rømmer då inn i Bør Børson jr. sine sko, og trur at «kjeften og motet har hjulpe så mangein». Er Bør si vinnarlukke ein spegel av livet? Nei, ikkje for den som har levd og kjempa med «det uventa».

Så fekk med det på ein måte alle på ein gong. Pandemien sette kjeppar i hjula på kvardag og fest for så mange. Og medan me ser lyset i enden på tunnelen så er me enno ikkje ute, seier fagfolka, og ber oss vere på alerten. «Forvent det uventa!»

Ei overraskande side ved pandemien gjeld smaks- og luktesansen. For fleire av dei som blir råka, vert den heilt borte eller endra. Ein kjenning stakk nasen i ein boks med hjortetakksalt, og kunne undrande slå fast – det luktar absolutt ingenting.

Landet og folket vårt er samstundes råka av ein annan pandemi der smak og luktesansen vert borte. Den går på det åndeleg plan, og handlar om livet og døden, og om det å leva som menneske.

I staden for «vaksinar» som vernar og gir hjelp i lengsel etter Gud og hans gode vilje, vert ein leia til hylla med åndeleg smågodt utan næring og vitamin. Tilbodsplakatane er malte i regnbogefargar, og teksten: – «Menneske, lev og gjer som du sjølv lystar, så skal du ikkje døy, du skal leva!»

Smakssans har vorte endra, lik då menneska første gongen valde å lytte til den vonde i hagen og vart smitta av eit virus som heiter synda, og tykte det smakte godt. I tillegg har smaken endra seg slik at det som er godt og velsigna, no vert framstilt som ei forbanning som forgiftar, øydelegg og avgrensar samfunn, folk og fridom.

Her gjeld eit ord til alle dei som enno ynskjer å tru Guds gode vilje, og løfte opp bibelordet til frelse og signing for andre. «Ver ikkje redd – ha tru, og forvent det uventa.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tru at Gud enno er kan gjere hjarta nytt, og snu folk og land til seg igjen. Det har han gjort før, og det kan og hende igjen – sjølv midt i ein pandemi.