ANDEN: «Kan Anden forvandle Peter og Paulus, kan han forvandle oss», skriv Kari Fure. Foto: Johanna Hundvin Almelid

Den forvandlande pinsekrafta

Det er då vi må minne kvarandre på at vi sanneleg kan trenge pinsebodskapen og krafta som gir nytt frimod og viser oss kven Jesus er.

Pinsa er høgtida då forvirring og motløyse blir snudd til håp og handlekraft. Difor er det all grunn til å feire.

Scena er velkjend: Apostlane er samla i Jerusalem, på salen der dei brukte å halde til. Til stades er Peter og Johannes, Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomeus og Matteus, Jakob, son til Alfeus, Simon seloten og Judas, son til Jakob.

Etter loddtrekning er Mattias utnemnd til ny apostel. Til stades er også nokre kvinner og mellom dei Maria, mor til Jesus, og brørne hans.

Bibelen fortel oss at denne flokken har halde trufast saman i bøn. Vi veit også at dei har bak seg 50 overveldande dagar.

Dei har veksla mellom den svartaste fortviling då Jesus døydde og vart gravlagd, til jublande glede då dei forsto at Jesus hadde stått opp att, og til undring og forvirring etter at han hadde forlate dei og stige opp til himmelen.

Faren ved å lese bibelhistoriene mange gonger, er at historiene blir daglegdagse. At ein rett og slett mister det spektakulære av syne. I så fall må ein be om å få sjå dei på nytt. For disiplane må Jesu oppstode og himmelfart ha vore så ufatteleg grensesprengane at nokre av dei gjerne ikkje visste kva dei skulle tru.

Dei har altså vore gjennom ei kjenslemessig berg- og dalbane. Kanskje kjenner dei seg nokså tome, fordi Jesus drog igjen.

Og kanskje sit dei og lurer på kva Jesus meinte, då han sa at det faktisk var best for dei at han gjekk bort, fordi han då kunne sende Talsmannen i staden.

Det er ikkje uvanleg at disippelflokken blir skildra som redde og sårbare, når dei sit der på salen.

Men så er det duka for eit nytt mirakel. Dei høyrer ein lyd frå himmelen, som når ein sterk vind bles. Lyden fyller heile huset dei sit i.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tunger, liksom av eld syner seg for dei, skil seg og set seg på kvar og ein av dei. Alle blir fylte av Den heilage ande og tek til å tale på andre språk.

Då er det Peter, han som nokre veker tidlegare fornekta Jesus tre gonger, men som Jesus set inn på nytt ved Tiberias-sjøen, stig fram og talar med sterk røyst.

«Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort til både Herre og Messias», slår han fast.

Ja, fylt av Den heilage ande talar Peter med slik mynde at omlag tre tusen menneske tek imot bodskapen hans og blir døypte.

Peter er forvandla. Den vesle flokken med Jesu vener like så. Motløysa og forvirringa er vekk. Fryktlause vitnar dei om Jesus til alle som vil høyre.

Og alle folka som er samla i Jerusalem denne dagen; alle partarane og medarane og elamittane, folka frå Mesopotamia, Judea og Kappadokia, frå Pontos og Asia, Frygia og Pamfylia, frå Egypt og frå områda ved Kyréne i Libya, innflyttarane frå Roma, jødane og proselyttane, kretarane og arabarane, dei høyrer at disiplane tala om Guds storverk på deira eigne tungemål.

Mange av dei kjem til tru og reiser heim att og fortel om det dei har sett og høyrt.

Slik vart den kristne kyrkja fødd. Same dag starta arbeidet med å utføre det store oppdraget Jesus hadde gitt: Å gå og gjere alle folkeslag til læresveinar.

Sidan har Guds folk halde fram med dette oppdraget. I tider med vekkjing, men også i tider med forfølging. Det har halde hardt i periodar.

Tenk på massakrane til persarane på 300-talet, undertrykkinga til arabarane frå 600-talet og herjingane til hærføraren Timur Lenk på 1300- og 1400-talet, då dei overlevande kristne søkte tilflukt i holder i fjellet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Tenk på folkemordet på armenarane under første verdskrig og Maos og Stalins forfølging av kristne i kommunisttida. Tenk på kristne som i dag sit i fengsel i Iran eller i konsentrasjonsleirar i Nord-Korea.

Men framleis går den kristne kyrkja fram i verda. I Algerie, Nigeria, Iran, Kina og Syria, for eksempel.

I eit stadig meir sekulært Europa kan vi derimot kome til å føle oss litt som flokken på salen. Litt forvirra. Litt handlingslamma. Litt redde.

Kristne verdiar tapar oppslutnad i folket. Færre trur på Gud og færre går i kyrkja. Vi strevar med å gje trua vidare til neste generasjon.

Det er då vi må minne kvarandre på at vi sanneleg kan trenge pinsebodskapen og krafta som gir nytt frimod og viser oss kven Jesus er. Kan Anden forvandle Peter og Paulus, kan han forvandle oss.

For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom. Og Jesu løfte, det han gav samtidig med misjonsbefalinga, gjeld framleis: Han er med oss alle dagar, så lenge verda står.