For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

FELLESSONG: Vår felles folkekulturelle song- og salmeskatt vil etter kvart berre forsvinne, skriv Harald Myklebust.

Den folkelege fellessongen, skal den døy ut?

Publisert Sist oppdatert

Det mest fellesskapsbyggande i eit folks samfunnsliv, er songen! Ei av drivkreftene da vår eigen nasjon vart frigjort i 1905, var det folkelege engasjementet som ovra seg i eit rikt ånds-, kunst- og kulturliv på 1800-talet, med basis i Grunnlova frå 1814 som berekraft – og inspirasjon til å bli ein sjølvstendig nasjon.

«Vi vil oss eit land som er frelst og fritt og ikke sin frihet må borge», song Per Sivle (1857–1904) med mange, mange fleire poetar, som gav oss folkeviser, folkesongar, nasjonalsongar, og dessutan kristen song og salme for heim, skule, kyrkje og samfunnsliv.

Margrethe Munthe (1860–1931), som lærarinne ved Bolteløkka skule i Oslo, var ein pioner for song i skulen med boka si: «Kom skal vi synge», tilrettelagt for born, i det ho gav sin poetiske åre «fritt løp» med sine livsnære og livgjevande songar som ho krydra undervisninga si i.

Powered by Labrador CMS