«Eg har vore så nær på leiinga i Den norske kyrkja at eg veit mange der ikkje har hjarta sitt i KrF», skriv Egil Morland (biletet).

Korleis blir framtida om KrF forsvinn?

Om ikkje anna, så kan vi spørja oss av pur eigeninteresse.

Vi som er engasjerte på ulike sider innan kristent og kyrkjeleg arbeid, «offentleg» så vel som «friviljug», har no berre åtte månader på oss til å svara på følgjande spørsmål: Har vi så flust av politiske instrument å spela på at vi kan greia oss utan KrF? Kva er nedsida av eit KrF ute av Storting og styringsverk?

På NLA sin 50-års fest i Grieghallen i 2018 gav Knut Arild Hareide ei inspirert og humoristisk helsing. På punkt etter punkt viste han kor avgjerande det har vore at KrF – nett der og då – sat i politiske posisjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då høyrde eg eit hjartesukk frå benken bak meg: -og dette er det somme som har råd til å kvitta seg med!

Ubeskjedent trur eg at eg er ei god kjelde til kor viktig dette partiet har vore dei siste 50 åra. I det gamle «tildelingsregimet» for kyrkjelege stillingar, var KrF garantien som år etter år sørgde for nye stillingar til diakoni, undervisings- og presteteneste.

Til og med grunnlaget for nokre av desse tenestene, lovene som «oppretta» dei, var det KrF som stod bak.

Frå Presteforeningen og Kyrkjerådet – to tiår til saman – veit eg korleis budsjettdramaet enda mest kvar einaste haust: Hos KrF, som «redda» budsjettet gjennom sine gode politiske kontaktar og alliansar.

Mange konkrete døme kan nemnast, men eg nøyer meg med eitt: Då statsråd Djupedal (SV) utan vidare grunngjeving reduserte løyvingane til NLA med mange millionar, og sende høgskulen ut i ei økonomisk krise, kor kom redninga frå? Den kom etter neste val, der AP hadde bruk for ein avtale med KrF. Dagfinn Høybråten sitt første vilkår var: NLA må på plass igjen! Slik gjekk det.

KrF er ikkje kyrkja. Det er slett inga kristenplikt å røyste på dette partiet. KrF er «berre» eit instrument.

Men den gåta som har vakse seg større og større hos meg dei to siste åra, er dette: Korleis kan det ha seg at mange, til og med profilerte KrF-arar, som sjølv kjenner det politiske spelet og kva innsats som ligg bak store og små sigrar, ser seg tent med at dette partiet forsvinn?

Om ikkje anna, så kan vi spørja oss av pur eigeninteresse: Korleis blir framtida om KrF forsvinn?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eg har vore så nær på leiinga i Den norske kyrkja at eg veit mange der ikkje har hjarta sitt i KrF. Dei har likevel god trening i å knegå dette partiet, når det ikkje er hjelp å finna andre stader.

Då er det ikkje nok å få eit velviljug svar. Det må også politiske musklar til. Det er i samarbeid med gode krefter i andre parti – dei er sjølve ofte eit forsvinnande mindretal i desse partia – at alliansar kan byggjast og resultat kan nåast.

Det finst ein lakmustest tidlegare KrF-arar bør ta når dei no byggjer alternativ som kan radera KrF vekk frå det politiske maktkartet: Er det ei einaste av mine tidlegare hjartesaker eg ikkje må gje opp, ja, som eg ikkje eingong vil ta ein kamp for, i mitt nye parti?

Eg tenkjer då ikkje på «klima» eller «utviklingshjelp», der alle (ja, eg veit: minus Frp) renn same vegen uansett.

Det ser ut som om vi går mot eit «mangfaldssamfunn» der det ikkje er rom for alternativ – paradoksalt nok. Enno kan «supplementa» tolast, men ikkje alternativa. For dei vert livsrommet trongt. Og trongare utan eit sterkt KrF.

Her vil kampen stå. Både den ideologiske og den politiske.

Les også
Kan KrF snu trenden, eller er det for sent?
Les også
KrFs kjerneproblem?