| Debatt
Dårleg teologi i Dagen-podkast
FELLESPROSJEKT: Trude Lorentzen (NRK) og Bjørn Olav Hammerstad (Dagen) står bak podkasten Demonutdriveren.
Sindre Deschington
Radiodokumentaren «Demonutdriveren» frå NRK og Dagen aktualiserer kristne sitt syn på Satan. I ein episode spør NRK-journalisten sin kristne makker: «Hva er greia med Satan i Bibelen?»
Svaret ho får minner mindre om Bibelen enn om den mytologien John Milton skildrar i «Paradise Lost» (1667) og som også har blitt standard Luthersk lære: Satan var opphavleg erkeengelen Lucifer som gjorde opprør og tok med seg ein tredjedel av englane då han vart kasta ned til jorda, der han no er og plagar menneska.
Dette blir diverre ståande uimotsagt som Bibelens lære i dokumentaren. Men det som blir presentert som bibelsk, er i verkelegheita ein myte basert på lausrivne bibelvers som vert tolka i tidlege jødiske apokryfe skrifter (som Enoks bok) og seinare i litterære verk av Milton og Dante.