Debatt
SKRIBENT: Arne Nordbø.
Karl Almedal
Då Gud var veslebror min
Om ting som kan skje når Gud får vere Gud
Eg tenkjer på den tida då Gud var veslebror min.
Han som eg måtte passe på at ingen snakka stygt om og at alle behandla respektfullt og fint. Sa nokon noko stygt om han, blei eg anten lei meg eller sint. Oftast begge deler.
Eg passa meg også for å gjere han lei seg. Han var så fintfølande, og det skulle så lite til for å såre han. Han blei så lett fornærma! Kva skjedde om han blei sint? Ja det var ikkje godt å vite!