| Debatt
Bruk heller Vinmonopolets alkoholfrie julemeny – enn ein alkoholhaldig julekalender
KVIT JUL: IOGT Region Midt-Norge vil heller tipse folk om Vinmonopolets alkoholfrie julemeny i samband med julefeiringa anno 2025, skriv innsendarane.
Heiko Junge / NTB
Det er nesten slik at ein ikkje trur det ein les. I desse dagar er ein julekalender til sals hjå Vinmonopolet. Han har 24 luker med alkoholhaldig drikke. Korleis høver dette saman med tankegangen om at jula først og fremst er borna si høgtid? Folkehelseinstituttet (FHI) sine tal tilseier at kring 100.000 born og unge veks opp med ei mor eller ein far som brukar alkohol.
Dette gjev utrygge oppvekstvilkår. Tek ein barneperspektivet her så skulle alle born og unge få høve til å oppleve ei kvit jul, altså ei jul utan rus. Regelverket er per tida slik at Vinmonopolet ikkje kan pakke inn akevittjulekalendaren med julepapir, men dei kan selje han viss han ikkje vert innpakka.
Kva er dette for noko? Ein treng verkeleg ikkje å drikke alkohol kvar dag i advent. Nei, folkens, vi i IOGT Region Midt-Norge vil heller tipse folk om Vinmonopolets alkoholfrie julemeny i samband med julefeiringa anno 2025.