Meninger
SOL OG STORM: Boresanden i Klepp på Jæren tidlegare i vår.
Cornelius Poppe / NTB
Bøn i mørket
Jærkysten har denne maimånaden sett strendene fulle av solglade og badande i alle aldrar. For mange er livet på topp når det bikkar 15 grader i vatnet, og dei proklamerer for oss meir «svakttruande» at det er «friskt» og «herleg» å ha det slik.
Dei fleste dagane her er likevel ikkje slik. Det ser me godt her fyrlyktene og redningsstasjonane ligg tett langs kystlinja. Ikkje berre på grunn av storm, straum og bølgjer, men óg sidan skodde og mørke ofte legg seg tett over dette forblåste landskapet.
For å hjelpe til var det sett opp kraftige tåkelurar som bles av full hals inn i den mørke skoddeveggen. Her i bygda kunne me høyre to av dei. Den eine kvass og klagande, kalla «Syta på Kvassheim». Den andre djup og buldrande, med tilnamnet «Stuten på Obrestad».