Biskopane lyg

«Nokre vil hevda at det er hardt, arrogant og ukjærleg å hevda at kyrkja sine fremste leiarar lyg, men saka er den motsette», skriv Johannes Kleppa.

Same dagen som Bispe­mø­tet skul­le gje ut­ta­le om kyr­kje­leg vig­sel for like­kjøn­na par, var eg i mi bi­bel­le­sing om mor­go­nen i Je­re­mi­a­boka, og las då i 14.14 pro­fe­ten si er­fa­ring frå ein be­stemt si­tua­sjon: «Men Her­ren sa til meg: Det er lygn det pro­fe­ta­ne vars­lar i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei og ikkje gjeve dei påbod og ikkje tala til dei. Syner som lyg og fals­ke spå­do­mar og tomme ord og svik or sitt eige hjar­ta pro­fe­te­rer dei for dykk».

Då eg las dette, tenk­te eg: Der­som bis­ko­pa­ne i dag går inn for kyr­kje­leg vig­sel av like­kjøn­na par, lyg dei i Guds namn. Då går dei ikkje Guds ærend, men dei talar tomme ord og talar ut frå sitt eige hjar­ta, ikkje ut frå Guds open­ber­ring i Skrif­ta. No skjed­de det at eit stort fleir­tal gjekk inn for det Guds ord for­byd, og då lyg dei og talar ut or sitt eige hjar­ta. Di­ver­re er det ikkje berre fleir­ta­let som lyg, men også mindre­ta­let som seier seg samd med fleir­ta­let i at ulikt syn i denne saka ikkje er kyr­kje­split­tan­de fordi det ikkje rok­kar ved evan­ge­li­et.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Når eg seier at bis­ko­pa­ne lyg, seier eg ikkje med det at dei på det per­son­lege pla­net ikkje er etter­rett­le­ge eller på­li­te­le­ge men­nes­ke­leg sett, altså at ein i det dag­le­ge ikkje kan lita på det dei seier. Det går slik sett ikkje på deira per­son­lege in­tegri­tet, men på deira teo­lo­gi og denne sitt for­hold til san­nin­ga.

Nokre vil hevda at det er hardt, ar­ro­gant og ukjær­leg å hevda at kyr­kja sine frems­te leia­rar lyg, men saka er den mot­set­te. Det er lygna som er hard, ar­ro­gant og ukjær­leg. Lygna fører all­tid øy­de­leg­ging og dom med seg.

San­ning er kris­tent sett det som er i sam­svar med Gud, hans vesen, hans vilje og hans tru­skap. Dette er til ei viss grad lagt ned i ska­par­ver­ket slik at vi kan kjen­na det gjen­nom his­to­ria og sam­vi­tet, og det er på full­kome vis open­ber­ra i Bi­be­len og i Kris­tus. San­nin­ga er open­ber­ra i lov og evan­ge­li­um. San­nin­ga er etisk sett slik Guds open­ber­ring i Bi­be­len lærer oss å kjen­na Guds vilje, og evan­ge­li­et er den frel­sa som er open­ber­ra i Bi­be­len slik vi møter denne i Kris­tus.

Alt som bryt med denne open­ber­rin­ga, er lygn. San­nin­ga er ikkje berre noko som ytre sett er kor­rekt, men det er ein be­stemt bod­skap. San­nin­ga har eit inn­hald og ei lære. Det som er i strid med dette inn­hal­det, den bi­bels­ke bod­skap og læra, er lygn. Dei som ikkje talar det Gud har tala til dei, lyg, seier pro­fe­ten.

Ytre sett er det ei rett og «sann» opp­lys­ning at vi har ei fria­bort­lov her i lan­det, men kris­tent sett er dette ut­trykk for ei lygn. Fria­bort­lova er ei lygn­lov fordi ho lyg om Gud, bar­net, livs­ret­ten og men­neske­ver­det. Ytre sett er det også rett og «sant» at vi har ei like­kjøn­na ek­te­skaps­lov i lan­det vårt, men kris­tent sett er det ut­trykk for ei lygn.

«Ek­te­skaps­lova» er ei lygn­lov fordi ho lyg om Gud, ek­te­ska­pet, bar­net og fa­mi­li­en. Den som frem­jar like­kjøn­na sam­liv og en­da­til vig­sel av like­kjøn­na par, fører då lygn. Det er den dra­ma­tis­ke si­tua­sjo­nen vi no er i som folk og kyr­kje.

Di­ver­re er det slik at dei bis­ko­pa­ne som går mot kyr­kje­leg vig­sel eller ein kyr­kje­leg li­tur­gi for for­bøns­hand­ling for like­kjøn­na par som er «vigs­la» bor­gar­leg, ikkje ser at dei bis­ko­pa­ne som fer med slik tale, lyg. Tvert imot seier dei at ulike stand­punkt i saka ikkje er ut­trykk for kyr­kje­split­ting, fordi dei står saman om evan­ge­li­et. Med det sam­ei­nar dei lygna med san­nin­ga, og kjem med det i skade for å føra lygn­ak­tig tale sjølv.

Ved­kjen­nin­ga seier at til kris­ten ein­skap er det nok å vera samde om evan­ge­li­ets lære og for­val­ting av sa­kra­men­ta. Då er det slik at skal vi læra rett om evan­ge­li­et, må det stå saman med ei rett for­stå­ing av lova. Frel­sa står i for­hold til synde­fal­let (og ska­pin­ga). Det ser bis­ko­pa­ne bort frå når dei ikkje tek på alvor at eit like­kjøn­na sam­liv er synd, og at slik synd vert teken bort frå lova ved kyr­kje­leg vig­sel av like­kjøn­na par. Då lyg ein om evan­ge­li­et.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

På same vis fører ein kyr­kja inn i ein si­tua­sjon der ein opnar natt­verd­bor­det for folk som lever i synd. Ein kan jo ikkje føra kyr­kje­tukt mot folk som ein har vigs­la og vel­sig­na til eit be­stemt sam­liv.

Vi treng i san­ning å be til Gud med Je­re­mia (v 21): «For ditt namn skuld, støyt oss ikkje bort!»

Johannes Kleppa

Bergen

Les også
Åtte av tolv biskoper vil vie homofile
Les også
Prester vil nekte å vie brudepar i kirkenBispemøtet
Les også
Steg for steg i én retning
Les også
Biskopene løper fra sitt lederansvar