Bibeltruskap?

Mange trugne kristne vert forfærde når dei les innlegg der det blir reist tvil om den tradisjonelle forståinga av evig pine, helvete og fortaping.

Eg vil seia: Ro ned. Det treng ikkje vera uttrykk for liberale tankar eller mangel på bibeltruskap.

Mistanken om at vår tradisjonelle kyrkjelære, bibelomsetjing og bibeltolking i visse høve kan vera misvisande og jamvel feil – har ulma i sinnet til mang ein i lang tid.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dette var jo årsaka til rabalderet med bål og brann for 500 år sidan då Luther tok til motmæle mot den rådande pavekyrkja. Han ruska opp i mangt, men det var og er mykje som står att og treng ein reformasjon. Og alle utbrota frå det dominerande kyrkjesamfunnet har ikkje vorte til på grunn av vantru eller bibelmistru – snarare tvert om. Men kanskje somme vart for nidkjære og det utvikla seg til bokstavtrældom og loviskheit?

Det som nå skjer i debattspalter og andre fora er at trugne kristne opplever temaene som åtak på trua og Bibelen sin autoritet.

Det eg har vore oppteken av i mine bidrag og kommentarar er særleg Bibelen sine ord om livets to utgangar – tilveret etter døden og domen, himmel og helvete, straff og pine.

Hovudsak for meg har vore at det er det vonde: Djevel, dom og pine som vert drøfta, - medan himmel, Paradis, sæla og det evige Livet hos Gud – blir nedtona og heilt ute av synsfeltet. Og dansar ein med feiaren, - blir ein svart.

Den glade forventninga som skulle skina frå andleta våre om den strålande æva me har i vente – blir borte i ei krangling om detaljar ved fortapinga.

Det er også ein gammal arv frå dei første omsetjingane av grunntekstane som gjer seg gjeldande. Det gjeld særleg tidsaspektet – tidsdimensjonen og ævedimensjonen som overtek etter den siste dag. Omsetjarane frå hebraisk og gresk til dagens språk tok ikkje omsyn til at tida blir slutt når æva overtek. Difor blir tidsbegrep som «dag og natt, evig, i all æve» - villeiande i høve til det som skal skje, eller det som har med tilveret i Guds ævedimensjon å gjera.

Dermed kan bibelordet: «…skal pinast i helvetet i ei tid som ingen ende har» framstå som rett lære – sjølv om det strir mot ei rekke klåre bibelord som seier at tida er endt og alt det vonde blir utsletta for «alltid».

Gode, bibeltruande folk blir forstøkte og heiser vranglæreflagget over slike tankar - og veit ikkje at desse helvetesfantasiane kom inn i kyrkjelæra i tidleg katolsk tid, og som lutherkyrkjene har overteke.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

At adventistane i lang tid har sett det falske i skræmselsteologien har ikkje gjort saka lettare. «Ingen» vil koma i bås med adventistsekta. Og at ateistar og liberale teologar har drege bibelord og delar av kyrkjelæra i tvil – har også bidrege til motstanden.

Eg er korkje adventist eller liberal teolog, men brukar sikre bibelord i samsvar med grunnspråka som vegskilt og merkesteinar – og Jesus tillet å bruka vår forstand. Alt i Bibelen er logisk og rimeleg og kan forsvarast ut frå eit sunt resonnement.

Temaet har og ei pedagogisk side. Forkynnarar og leiarar har teke høgde for erkjenninga at folk er lettare å bevega med skræmsler om helvetet enn med lokking til himmelen. Pisk og straff verkar betre enn lokkemat.

Me får vel aldri innsyn i statistikken over kor mange som er blitt truga inn i himmelen med helveteskræmsler - mot alle dei som er skræmd bort frå himmelen med tale om straff, eld og svovel og pine i helvetet utan ende.

Forkynninga og vektlegginga gjer noko med gudsbiletet vårt. Ateistar og uomvende har sett at den harde, straffande Gud går dårleg i hop med den Gud som Jesus og Skrifta teiknar opp av den kjærlege far som elskar sin skapning om dei er aldri så syndefulle og straffskuldige.

Men folk er redde for å bryta opp frå tradisjon og gamle dogmer. For å våga det må dei henta fram mykje kunnskap om dei skal kunna forsvara ei ny stode. Og tanken på å verta kalla liberal – eller aller verst: vranglærar, fråfallen, og vantru – orkar dei ikkje.

Bli med i debatten!

For å kunne kommentere artikler på DagensDebatt.no - og for å kunne starte nye debatter, må du må være registrert - og innlogget - på Facebook

I tillegg må du registere deg som bruker av DagensDebatt.no. Trykk på «registrer deg» øverst til høyre på denne siden.

Her finner du de enkle debattreglene våre.

-----

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: redaksjonen@dagen.no

Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

-----

Ukentlig nyhetsbrev: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

* Følg gjerne Dagen på Facebook

Les også
Bibelen og fortapelsenBli med i debatten!
Les også
Den andre av livets to utgangerBli med i debatten!
Les også
Helvetet er ikkje pine i ei lang tid utan endeBli med i debatten!
Les også
Er helvete bibelsk?Bli med i debatten!