Eg ynskjer at alle kyrkjelyder skal kunne ta imot både menn og kvinner på ein god måte og læra dei opp i deira gudegjevne roller, skriv Even Mjøs. Illustrasjonsbilde: Yayimages.com

Bibelfortolkning og kvinnelege prestar

Når Døvik svarar på innlegget til underteikna og mine medstudentar i debatten kring kvinnelege prestar, gjer han det med ein argumentasjonsform og ein bibelfortolkning som ligg langt utafor ortodoksien.

Øyvind Døvik skriv i innlegget «Kvinner skal tie» på DagensDebatt torsdag 5. januar at sentralt for hans forståing av kvinner si teneste i kyrkjelyda er «summen av Guds Ord». Når han så går til verks for å forklara kva Bibelen eigentleg seier, gjer han det med ein tolkningsmetode og ein argumentasjonsform som må kunne seiast å ligga utafor ortodoksien.

Spørsmåla eg ynskjer alle skal stilla seg før me ser nærare på innlegget er: korleis går me fram for å sjå kva Skrifta seier om eit gitt tema? Og korleis forholder me oss til Skrifta generelt? Me må alltid ta oss i vare frå å gå inn i Bibelen med ei gitt lære og så få alt til å passa med det. Då vert me fort villige til å snu og venda på skriftstader for å få dei til å bety noko heilt anna enn det forfattaren meinte.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Eit tydeleg problem med dei prinsippa Døvik nyttar i innlegget kjem til syne når han skriv at «Vender vi oss til apostlenes gjerninger og forfølgelsen av kirken rundt Stefanus sin tid ser vi imidlertid at kvinner blir likeverdige skyteskiver side om side med menn. [...] Bailey peker på at kulturelt gir dette bare mening dersom kvinner også ble sett på som ledere og innflytelsesrike figurer innad i fellesskapet.» Her ser ein at konklusjonen ikkje fylgjer logisk av argumentasjonen. Det kan vera mange grunnar til at kristne kvinner vart forfulgt, ikkje berre at dei var leiarar. Meir sannsynleg er det nok at dei brann for det dei gjorde, til dømes evangelisering og profetering. Dette er oppgåver Gud har signa kvinner med og som nok må ha provosert jøde såvel som grekar.

Døvik freistar vidare i teksten å forklara korleis Skrifta fortel oss at kvinner må ha vore religiøse lærarar. Han tek utgongspunkt i Lukas 10:39, der kvinner sit stille og tek imot læra. Døvik vil hevda at i denne historiske konteksten må det bety at dei sjølv skulle verta forkynnarar. Igjen ser me at konklusjonen ikkje fylgjer logisk av argumentasjonen. Eg siterer Dr. Douglas Moo:

«All Jewish men were encouraged to study the law; did they all become rabbis? Similarly, all Christians are encouraged to study the Scriptures; but Paul limits «teaching» to a restricted number who have the gift of teaching. (cf. 1 Corinthians 12:28-30)» (John Piper, Wayne Grudem: «Recovering Biblical Manhood and Womanhood», Crossway Books 1991, s. 184)

At ein tek imot lære betyr på inga måte at ein sjølv nødvendigvis må verta forkynnar eller eldste. Dette ser me tydeleg i 1. Kor 12, kvar Paulus skildrer dei ulike nådegavene og tenestene. Sjå særleg vers 8: «For ved Anden blir det gjeve den eine å forkynna visdom, den andre å forkynna kunnskap ved den same Anden.» (Bibelen 2011, Nynorsk) Skrifta seier oss at ikkje alle skal verta lærarar og forkynnarar, men alle skal likevel læra Guds Ord, «så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.» (2. Tim 3:17)

Døviks eksegetiske feilsteg viser seg tydeleg vidare i artikkelen når han freistar å forklara 1. Tim 2:13-14 ved å visa til vers 11 og betydninga av ordet αὐθεντέω. Han seier fyrst at i vers 11 kan være «like fullt sannsynlig at det refererer til kvinnenes holdning som studenter» når det kjem til uttrykket «underordna seg i eitt og alt». Dette gjev dog ikkje på eige hand noko støtte til påstanden om at kvinner burde kunne forkynna, for som me har vist over er alle kalla til å studera Ordet og læra. Han visar vidare at henvisninga til skapinga og syndefallet i vers 13-14 må vera kulturelt betinga. Korleis han gjer dette er dog uvisst, for her trekk han nok ein konklusjon utan å argumentera skikkeleg for han. Døvik påstår at 1. Mos 1-2 ikkje legg særleg vekt på at menn og kvinner har ulike roller, og kallar dermed rolleskilnadene for ei «syndefallsordning». Men desse tekstane talar jo likevel om at menn og kvinner er skapt ulike. Særleg 1. Mos 2:21-25 visar til at kvinna skal vera underlagd mannen. Me ser skuggar av det som Bibelen seinare utdjupar i mykje større grad, til dømes i Ef 5:21-33.

Vidare er det vel irrelevant om noko er ei syndefallsordning eller ikkje? Viss Døvik meiner at det førnemnde var «En dominans Jesus gjorde slutt på ved å gjenopprette kvinnens opprinnelige stilling», kvifor fortset då Paulus fleire stader å forkynna akkurat desse ordningane? Jamfør bibeltekster som Kol 3:19-20 og Ef 5. Eit anna spørsmål er kvifor Jesus aldri sa noko direkte om dette, då det ville ha vore eit stort brot med den læra som kom forut og ha store praktiske konsekvensar.

Døvik sin argumentasjon fortset i hovudsak på denne måten gjennom resten av innlegget, men som fylgje av avgrensingane i dette formatet, kan eg ikkje ta for meg alle her.

Heilt til slutt: det er openbert for alle som les denne debatten at det er mange dårlege idear om kva dei konservative faktisk står for, sokalla «stråmenn». Veldig få, om nokon, vil til dømes hevda at kvinner ikkje kan vera evangelistar eller profetar. Skrifta snakkar positivt om dette, og difor skal me sjølvsagt læra og praktisera det. I frelsesspørsmålet står me alle likt, det talar Skrifta òg tydeleg om. (Gal 3:23-29) Kvinner og menn har fullstendig likeverd både framføre Gud og i kyrkjelyden, men det betyr ikkje at me difor må ha dei same rollene. Det vert i så fall nok eit døme på ein konklusjon som ikkje fylgjer frå premissa, samstundes som det står i fare for å skapa ein skeiv fordeling på verdien av dei ulike tenestene i kyrkja. Eg ynskjer at alle kyrkjelyder skal kunne ta imot både menn og kvinner på ein god måte og læra dei opp i deira gudegjevne roller.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bli med i debatten!

For å kunne kommentere artikler på DagensDebatt.no - og for å kunne starte nye debatter, må du må være registrert - og innlogget - på Facebook

I tillegg må du registere deg som bruker av DagensDebatt.no. Trykk på «registrer deg» øverst til høyre på denne siden.

Her finner du de enkle debattreglene våre.

-----

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: redaksjonen@dagen.no

Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

-----

Ukentlig nyhetsbrev: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

* Følg gjerne Dagen på Facebook

Les også
Kvinner skal tieBli med i debatten!