EVAKUERING: I sommar måtte folk flykte frå flaum i Tyskland. Konsekvensane av klimaendringane rykkjer oss nærare inn på livet.

Bestefar og klimakrisa

Fordi dagens vaksengenerasjon i for stor grad er oppteken av her og no, kan vi vere i ferd med å føre ulukke over etterkomarane våre.

Begge bestefedrene mine var småbønder. Og begge trudde på Gud. Tradisjonen dei sto i kan vere eit godt utgangspunkt for å nærme seg klimakrisa.

Som sjølveigande bønder var dei opptekne av å levere garden, med jord og bygningar, vidare til neste generasjon i betre stand enn dei sjølve hadde fått han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei sto i eit livslangt utbetringsarbeid med blikket fest på eit punkt langt bortanfor si eiga levetid. Av kjærleik til sine eigne barn, men også til barnebarn og etterkomarar dei aldri fekk møte, maura dei på kvar einaste dag for å utvikle, utvide og forvalte arven dei sjølve hadde fått.

På kviledagen gjekk dei i kyrkja. Bestefar Kristian i Olden trong berre gå nokre hundre meter.

For bestefar Peder på Stad var kyrkjevegen lenger. Han måtte i båt for å kome fram. Når det ikkje var råd å kome seg av garde, heldt han husandakt heime.

Begge sto i den pietistiske tradisjonen der gudsfrykt med nøysemd var eit ideal. Dei kunne unne seg det beste når det var fest, men levde nøkternt til kvardags.

Ved kvart måltid falda dei hendene, bøygde hovudet og takka Gud. Mat kasta dei aldri, og ikkje så mykje anna, heller. Gikk ting i stykker, vart det reparert.

I Bibelen las dei om å forvalte skaparverket, dele med dei som hadde mindre enn seg sjølve og å vise nestekjærleik også for dei som budde langt vekke ved fjerne kystar.

Dei var del av ein kultur der ein ikkje berre hadde omsorg for sin eigen vesle flokk, men for alt Guds folk og for dei Gud kalla på. For alle har vi det til felles, at Gud elska oss medan vi enno var syndarar.

Denne veka presenterte FNs klimapanel (IPCC) første del av sin nye hovudrapport. Som dei fleste nok har fått med seg, er hovudinntrykket svært alvorleg.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det er ikkje utan grunn at vi denne sommaren har vore råka av ekstreme hetebølgjer og dødeleg flaum. Når tolv eldre menneske druknar på ein sjukeheim i Tyskland, grekarar må evakuerast i tusental fordi øyar brenn opp – og det er tørke på Vestlandet, treng vi ikkje lenger lure på om det skuldast klimaendringar.

Forskarane er einige om at klimaet er endra, at endringane er menneskeskapte og at det blir verre dersom ikkje drastiske tiltak blir sette inn.

Det som gjer mest inntrykk ved rapporten, er nettopp dette: At verdas fremste ekspertise er meir samstemte enn nokon gong før.

Den tida er forbi, då det gav meining å diskutere om vi har ei klimakrise. Debatten må handle om kva som bør gjerast.

Det er då eg vil vende tilbake til bestefedrene mine. Ikkje at dei var så mykje meir eineståande enn folk flest, men fordi dei sto i ein kultur som representerte sunne, berekraftige verdiar. Desse verdiane kan vere til hjelp i møte med klimakrisa.

Fordi dagens vaksengenerasjon i for stor grad er oppteken av her og no, kan vi vere i ferd med å føre ulukke over etterkomarane våre.

Den sterkaste verdien, den som var som ein indre motor som dreiv dei avgarde, var omsynet til neste generasjon: Å gi arven vidare i betre stand.

Det store alvoret ved klimakrisa er at vi er i ferd med å sende barna, barnebarna og etterkomarar som vi aldri får møte, inn i ei svært vanskeleg framtid. Fordi dagens vaksengenerasjon i for stor grad er oppteken av her og no, og ikkje ser lenger enn si eiga tid, kan vi vere i ferd med å føre ulukke over etterkomarane våre.

Dette er tida for å ta modige val. På same måte som vi argumenterte for å møte koronapandemien med fakta og lytte til kunnskap og forsking, må ein halde seg til fakta når det gjeld klima og miljø.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den andre verdien handlar om solidaritet. Ifølgje klimaforskar Bjørn Samset, som er tilsett ved Cicero og har jobba med FN-rapporten, kan vi i dagens situasjon grovt sett gjere to ting: Kutte utsleppa og tilpasse oss det nye klimaet med meir ekstremvér.

Men det er ikkje alle som har same høve til å tilpasse seg som oss. Klimakrisa rammar dei svakaste. Når havnivået stig og flaumen råkar elvedeltaet i Bangladesh, har dei fattige som bur der ingen stad å gjere av seg.

Når ørkenspreiing gjer at det blir kamp om ressursar og fulaninomadar drep fastbuande bønder i Nigeria, er det igjen dei mest sårbare som blir råka.

Klimakrisa forsterkar konfliktane i verda og skaper nye flyktningbølgjer. Då kan vi vedta at vi ikkje vil ta imot flyktningar så mykje vi vil. Vedtaka vil ikkje vere verd papiret dei er skrivne på. For flyktningane kjem til å kome, og dei vestlege landa må handtere det.

Den tredje verdien handlar om å leve enklare. Vi må byrje med seg sjølve. Vi kan ikkje la forbruket halde fram med å gå til himmels.

Det betyr ikkje at vi skal tilbake til levestandarden på 1930-talet, då bestefedrene mine gifte seg og fekk barn. Kvar tid må finne sin måte. Men det vi kan lære av generasjonen deira, er at eit enklare liv kan vere like rikt.