Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

BLACK WEEK 10 uker for 10 kroner Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill tilbudet med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

BEDEHUS: Det trengst bedehusleiarar som viser ein annan veg. Ikkje attåt folkekyrkja, men alternativ, skriv Ottar Mikael Myrseth.

Bedehuset attåt folkekyrkja

Publisert Sist oppdatert

Takk til Harald Myklebust for gode ord i Dagen tysdag 14. mai. Innimellom godorda undrar han seg over ein biletbruk eg har nytta. Det har aldri vore mi meining å snakke ned bedehuset. Tvert imot å utfordre det til å ta sin eigen tradisjon inn i vår tid.

Lenge har god bedehus-skikk vore å gå i kyrkja på føremiddag og bedehuset om kvelden. Slik var det inntil for ein generasjon sidan, men bør ikkje vere det i dag. For Den norske kyrkja er ikkje det ho var.

Som Myklebust seier, har mange i bedehusland alt reagert på den liberale retninga folkekyrkja har gått, meldt seg ut og i staden engasjert seg i eigne forsamlingar. Nettopp. Dei har skjøna at bedehuset sitt utgangspunkt å vere supplement, vere «attåt» folkekyrkja, ikkje held i våre dagar.

Powered by Labrador CMS