Debatt
ATEIST: Jens Kihl er ateisten som frykter et religionsfritt samfunn.
Johanna Hundvin Almelid
Ateist i evangelistklede eller motsett?
På bakgrunn av kommentaren «Eg er ateist med heile meg. Eit religionsfritt samfunn er noko av det eg fryktar mest», ga kulturredaktør Jens Kihl i Bergens Tidend eit intervju på pTro 16. desember.
Dette intervjuet er for oppsiktsvekkjande til å gå under radaren. Medan vi kristne vekslar på å kaste kvarandre ut i kulda, manar Kihl til å vise kjærleik for kvarandre.
Heile intervjuet er ein einaste lang fredstale. Ateisten, homoen og sosialisten tar på seg jobben med å prøve å bremse sekulariseringa i Noreg. Dette er høgst uvanleg og bør vekke oppsikt.