Debatt
SYMBOL: Historia om andreaskorset har mange forgreiningar.
Privat
Andreaskorset i Skodje kyrkje
Andreaskorset har i nyare tid fått meir merksemd og spelar mellom anna ei stor rolle i «Septologien» av Jon Fosse, men symbolet har ei lang historie.
I Skodje gamle kyrkje stod på 1500-talet eit krusifiks, som i dag er teke vare på av Bergens museum. Krusifikset viser apostelen Andreas, spikra til eit kors. Ordet krusifiks betyr på latin «festa på eit kors». Andreas døydde på eit kors som var forma som ein X for å ikkje likne det korset Jesus vart hengd på. Andreaskorset er også forma som ein X ettersom første bokstav i Kristus- namnet på gresk er X.
På 1300-talet dukkar tradisjonen med andreaskorset opp. Andreaskorset inngår også som ein del av fleire konstruksjonar i norske stavkyrkjer. Etter reformasjonen vart det ikkje laga nye helgenfigurar. På 1800-talet kom så pietismen med sine vekkingar, og helgenfigurane vart kasta ut av kyrkjene og veggane måla kvite.
Helgenfigurar i Skodje kyrkje