«Den mest demokratiske av alle kristne arbeidslag i landet vårt, er Den norske kyrkja», skriv Johannes Kleppa (biletet).
Magnar Børnes
Åndeleg styring og demokrati
Demokratiet sikrar ikkje uheldig utvikling, korkje i samfunnet eller i kristenlivet. Maktmenneske og manipulering kan også få rom uansett organisasjonsform.
I debatten om eventuell samanslåing av Norges Samemisjon og Misjon Sarepta har eit av tema vore styringsforma til dei to organisasjonane, som er nokså ulik.
Det har vorte retta nokså sterk kritikk mot Sarepta si organisasjonsform, særleg det at fire av fem styremedlemmar og ein av to varamedlemmer vert oppnemnde av styre ved sjølvsupplering, medan ein styremedlem og ein varamedlem vert valde av støttemedlemmane på Landsmøtet.
Eg har kommentert denne problemstillinga før, men vil gjera det på nytt. Det har også sin bakgrunn i at Erik Furnes, generalsekretær i ImF, kommenter spørsmålet med ein annan innfallsvinkel i artikkelen «Lærdommer fra Knutby» (Dagen 29/7 -20).