☀️ SOMMERKAMPANJE 1,- ut august

Du kan betale med vipps Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

| Debatt

Alt Guds ord skal opp på preikestolen

GUDS ORD: No er det slik at det er ulike arbeidslag i Guds rike, og ikkje alle har same ansvaret for forkynning, skriv Johannes Kleppa. Biletet illustrerer ein type forkynning, her ved Egil Svartdahl frå Pinserøyrsla.
Publisert Sist oppdatert



Det er ikkje alt i Bibelen som har like stor vekt og plass, og det betyr at ikkje alt skal like mykje fram i forkynninga. Guds ord har ein spiss og eit orienteringspunkt, og det er Ordet om krossen. Difor skal dette ha størst plass og vera i sentrum i forkynninga. Alt skal orienterast ut frå det, ha sitt mål i det og si kraft i det.

Like fullt skal alt Guds ord forkynnast, alt skal opp på preikestolen. Det idealet og den forpliktinga finn vi hjå apostelen Paulus når han i avskjedstalen sin til dei eldste i Efesus seier: «For eg har ikkje halde noko attende, men eg har forkynt dykk heile Guds råd.» Det er grunnen til at han kan seia at han ikkje er skuld i nokon manns blod, altså at han er utan skuld om nokon i Efesus skulle gå seg åndeleg vill og endatil gå fortapt (Apg 21, 26f).

Powered by Labrador CMS