For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| I Fokus

Åleine – einsam

EINSAM: Å verta sett til side, kjenna seg gløymt kan vera tungt, skriv Gudleik Himle.
Publisert Sist oppdatert

«Eg har aldri kjent meg så einsam og forlaten.» Han som sa dette kom frå ei samling, ja, storsamling. Kringom han vrimla av folk på alle kantar, men han var einsam. Ikkje den einaste som har opplevd det. Har møtt mange av dei. Ikkje at dei ropar så høgt om det. Nokre kom frå ein liten flokk og flytta til ei større stad, og større forsamling, men lengta attende.

Guds ord fortel om store flokkar. Ja, om ein flokk som ingen kan telja. Denne flokken som kretsa om det same som dei hadde gjort medan dei var på jord. Dei kretsa om Han som kjøpte dei til Gud med blodet sitt. Men det er også tale om dei fåe. Nei, dei var ikkje tusen, men to. Jesus og den eine. Dei to som var på gåtur, som forstod så lite av det dei hadde høyrt. Der på vegen til Emmaus kjem Jesus og slår lag med dei. Der vert det litt av ein bibeltime.

Opptekne var læresveinane, opplevd mykje hadde dei. Kva hender så. Jesus tek dei åleine med seg. Bort frå tenesta. Bort frå kva dei har gjort. Opplevd. Åleine med seg.

Powered by Labrador CMS