TETT PÅ: Eg har vore tett på folk på slutten av livet. Dei er ofte svært opptekne av å ikkje vere til bry. Og kva tid vurderer vi at ein person er samtykke-kompetent, spør Trude Brosvik.
Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
Aktiv dødshjelp er avmakt i system
Dersom vi som samfunn vurderer sjukdom og hjelpeløyse som grunn til å avslutte livet, vil det for mange vere normgivande for kva dei gjer.
Viljen til aktiv dødshjelp viser mest av alt avmakt, forkledd som barmhjertighet. Ingen av oss ønskjer å sjå dei vi er glade i ha det vondt eller ha det vi trur er eit «uverdig» liv. Men å bli hjelpelaus er ein del av livet. Vi er det alle, frå tid til anna.
Skulle det vere ein grunn til å synest at det er rett å ta livet av? Kvar vil i så fall det ta samfunnet vårt? Eg trur at vi, i vår liberale og individualistiske tidsalder, fort vil kome i ein situasjon der fleirtalet vil forvente at hjelpetrengande skal be om å få døy.
Eg har vore tett på folk på slutten av livet. Dei er ofte svært opptekne av å ikkje vere til bry. Og kva tid vurderer vi at ein person er samtykke-kompetent?