| Debatt
Aisha var 20 år, ikkje 9
BERRE FOR KVINNER: I koranen er det ingen vers som tillet barneekteskap, skriv Khadija Owdah. Biletet er frå eit islamsk massebryllup i Ahmedabad, India, i 2024.
Ajit Solanki / AP / NTB
Debatten om barneekteskap dukkar stadig opp, og ofte blir det hevda at denne praksisen er forankra i islam fordi profeten Muhammed, ifølgje enkelte forteljingar, gifta seg med si kone Aisha då ho var 9 år. I denne artikkelen vil eg frikjenne profeten frå denne avskyelege handlinga.
Problemet med den største delen av den muslimske verda er at det finst flest etterliknarar, ikkje undersøkende eller forskande og kritiske menneske.
Alle muslimske forskarar og tenkjarar som verkeleg vurderer og studerer profetens ekteskap med Aisha finn ut at Aisha var over 18 då ho gifta seg med profeten og at ho mest sannsynleg var mellom 18 og 20 år. Dei kjem uavhengig av kvarandre fram til same resultat. Det er gjort gjennom ein eigen undersøking eller vitskapeleg forsking ved å revurdere dei ulike forteljingane om Aisha sitt ekteskap i lys av koranen og historiske bevis.