Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

🍁 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Er du under 30? Bestill med UNG her

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Debatt

Abort og valdtekt – etikk og politikk

HOVLAND: Eg synest det er imponerande korleis ein 20-årig og politisk fersk leiar har stått fram i møte med durkdrivne journalistar og erfaren politikarar, skriv Kleppa. Her frå Dagen sitt podkaststudio.
Publisert Sist oppdatert

Det vart ein veldig debatt etter at den nye KrFU-leiaren Ingrid Olina Hovland i ein podkast på eit direkte og uførebudd spørsmål svarte at ho etter graviditet ved valdtekt ville ha bore barnet fram – ho håpa i alle fall at ho ville ha gjort det. Det vona ho også andre ville ha gjort. 

Hovudargumentet var at fosteret er eit fullverdig menneske, sjølv om handlinga som førte til graviditet, var feil og umoralsk. Menneskeverdet er frå unnfanginga, og er det same uavhengig av korleis barnet har vorte til. Barnet har då livsrett, og det skal ikkje straffast med døden for ein annan si ugjerning.

Hovland har fått veldig kritikk, men ho har også fått overraskande mykje støtte – ikkje minst frå andre unge, kristne jenter. Det synest som det bibeltru kristenfolket i stor grad støttar henne, og har omslutta henne med omsorg og forbønn. Det er godt og oppløftande. Eg synest det er imponerande korleis ein 20-årig og politisk fersk leiar har stått fram i møte med durkdrivne journalistar og erfaren politikarar.

Powered by Labrador CMS