For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Debatt

ULIKE MENINGER: Her fra Stortingets behandling av endringer i abortloven i 2019.

Abort: Eit tankekors

Publisert Sist oppdatert

Abort. Det var alltid – og er – eit tankekors for meg. Dette sjølv om eg ikkje er religiøs eller berre ser saka ut frå bodet «Du skal ikkje slå i hel».

Eit tidleg foster er berre ein slimklump, får vi høyra. Men det er ein «slimklump» som tek til seg næring, lever og legg på seg. Kort sagt eit liv. Det er ikkje sant at det berre er ein slimklump. Ei parallell forklaring på lovleg drap vil vera: Eit menneske er då berre ei gruppe organiske materialar. Men også den «gruppa» er liv. Skilnaden er at den «gruppa» kan argumentera og forsvara seg. Det kan ikkje eit foster – det mest hjelpelause og forsvarslause av alle individ.

«Kvinna må få bestemme over eigen kropp!» Jau, det er eit godt slagord – men eit uærleg slagord, i og med det eigentleg er fosteret sin kropp dei politisk korrekte krev ho skal ha «hand- og halsrett» over, noko dei aldri nemner.

Powered by Labrador CMS