Meninger
HEIM: Også forsamlingane våre kan vera prega av ein betinga kjærleik; eg er verdt noko når eg produserer noko, er mest mogleg aktiv eller anna, skriv Marit Hårklau Ådnanes.
Gorm Kallestad/NTB
Å venda heim
Ein flerstedsmenighet i USA har følgjande mål og hovudoppdrag: «å hjelpa menneske å finna vegen tilbake til Gud». Det seier noko om at i utgangspunktet er me skapt til fellesskap med Gud, men av ulike årsaker er fellesskapet med Gud blitt avbrutt eller dårleg med åra. Her er ei forsamling som ynskjer å ta det på alvor; å hjelpa menneske tilbake til Gud! Veldig bra!
Henry Nouwen si bok «Den bortkomne sønn vender hjem» tar utgangspunkt i Jesu likning i Lukas 15, og også Rembrandt sitt maleri då sonen vender heim. Nouwen seier at heime er staden i mitt indre der eg kan høyra stemma som seier «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede».
Når eg høyrer denne stemma veit eg at eg er heime hos Gud, og eg har ikkje noko å frykta. Til trass for at eg veit dette, seier Nouwen, reiser eg heimefrå gong på gong.