| Andakt

MALE MED ORD: Hovudsaka i andakten er at vi – kvar einskild – tar oss i vare når munnen renn over av ord, skriv Egil Sjaastad.

Å male med ord

Publisert Sist oppdatert

Fleire gonger har eg sett på vakre måleri og sagt «Å, så flott!». Så har eg oppdaga ei lita tilleggsopplysning: «Malt med munnen …» Kunstnaren har altså ikkje hatt hender å bruke. Likevel: Han eller ho skapte eit vakkert kunstverk.

«Malt med munnen.»

Dei fleste av oss har hender som fungerer utan at det gjer oss til kunstnarar. Men det er meir enn ein måte å mala på. Kvar einaste dag malar vi nye måleri. Med munnen. Vi gjer det i kommunikasjon med andre. Ja, nokre kan faktisk vere store ordkunstnarar. Den munnlege skildringa deira grip oss på djupet.

Men dessverre: Ikkje alt som blir mala med munnen, får positive ringverknader. Det veit alle. Usanne ord. Ureine ord. Upålitelege ord. Baktalande ord. Ord som køyrer over mindre taleføre. Ord med brodd mot personar ein ikkje likar. Hemngjerrige ord meint å skade andre. Eller ord – gjerne som små hint – uttala for å svekkje andre og hevde seg sjølv.

Dei måleria som blir skapte på denne måten, set folk opp mot kvarandre. Dei et om seg og kan verke som gift i miljøet.

I Jakobs brev er det eit avsnitt som nettopp handlar om korleis vi brukar tunga. Med ei rystande samanlikning vil gudsordet vise oss følgjene av ein ukjærleg, hemngjerrig eller falsk ordbruk: «Ein liten eld kan setja den største skog i brann» (Jak 3,5)! Små kommentarar kan fremje negative haldningar. Ei lita kvit løgn kan føre ein samtalepartnar vill. Ord sagt i forakt lagar dystre strek i måleriet – for å bli i biletbruken ovanfor. «Malt med munnen», ja, men ord sagt med eit hånleg smil.

Dei fleste som les Dagen, høyrer til i ulike kristne miljø. Andakten denne laurdagen er ikkje meint som oppmoding til å analysere ordbruken hjå andre i miljøet. Kanskje skal vi likevel våge å ta bladet frå munnen og kome med eit motinnlegg der vi merkar den typen ordbruk som vi her har omtala? Sjølv om det kostar, kan det kanskje på sikt korrigere «måleriet» som vi (og andre) er eksponerte for.

Hovudsaka i andakten er likevel at vi – kvar einskild – tar oss i vare når munnen renn over av ord. I kjensleladde situasjonar kan det så lett skapast eit måleri med ein giftig – eller i det minste ein usakleg – undertone. Og der konfliktar rår, kan ønsket om avklaring drepast av beiskt vatn frå indre kjelder vi kanskje ikkje vedkjenner oss (Jak 3,11).

Usemje skal ikkje tildekkast. Av og til skal vi også ta kraftig i. Men ikkje før vi veit kva saka dreier seg om, eller kva andre eigentleg står for. Eit lyttande øyre har meir enn ein gong mildna uforsonlege motsetnader. Og så audmjuke skal vi vere, at vi ved ettertanke kan erkjenne eigne feil.

Herrens apostel gjev i Kol 4,6 ei formaning som handlar om dei måleria vi alle skapar med munnen: «Lat alltid talen dykkar vera venleg, men krydra med salt så de veit kva de skal svara kvar og ein.»

Til slutt ein omtale av den største ordkunstnaren som har gjesta jorda vår. Jesus. Poenget hans var rett nok ikkje ordkunst og litterær eleganse, men lys så vi ser himmelvegen: «Alle let vel om han og undra seg over dei nådeorda som kom frå hans munn» (Luk 4,22).

Jesu nådeord var ord til syndarar. I kategorien syndarar er vi alle, og vi treng nådeorda hans. Jesus vil nå oss med ord frå seg sjølv og apostlane – og skape tru og glede. Og når vi betraktar «måleriet» hans, vil også våre eigne måleri ta farge av det vi ser. Ordbruken vår blir påverka.

Bestefar fortalde ein gong frå tida før bilismen. Ein bonde i heimbygda hadde blitt omvendt til Gud. Og det gjekk ord om det: «Hainn mærka det, hesten òg!» Tilsvarande verknader skjer også i dag der Jesu nådeord vinn innpass.

Denne gongen vart andakten på «morsmålet» mitt, nynorsk. Difor høver det å sitera ei bøn av han som «kristna nynorsken», Elias Blix. Bøna har relevans også for det vi «malar med munnen».

«Jesus, eg høyra vil til deim

som etter deg du kan nemna!

Lat meg ved deg til himmelheim

dagleg få styra og stemna!

Utan din arm i miss eg gjeng,

før du meg høgt på ørneveng,

til eg i himmelen hamnar!»

Kol 4,6

Lat alltid talen dykkar vera venleg, men krydra med salt så de veit kva de skal svara kvar og ein.

Powered by Labrador CMS