Debatt
TRAFIKKFARLEG: I vårt distrikt er det særleg E16 eg reagerer på, skriv Brynjulv Hernes. Biletet er frå eit ras ved Bolstadtunnelen på E16 i 2019.
Marit Hommedal / NTB
Å hjelpa den som treng det mest
Det å sy saman eit budsjett, er ikkje lett. Det veit eg litt om som tidlegare politikar. Ein må heile tida tenkje: Kan dette venta? Er dette nødvendig? Kva konsekvensar vil dette få?
No har Støre og Vedum sagt korleis dei vil prioritera neste år. Eg trur det vert hard debatt om mange av dei sakene.
I vårt distrikt er det særleg E16 eg reagerer på. Eg vil tru eg ikkje er åleine. Eg har ikkje vore inne på nettet og funne ut kor mange dødsulykker, ras og vegstengingar det har vore dei siste åra på denne vegen mellom Arna og Voss. Men dei er mange. Vegen er også arbeids- og skuleveg for mange. Så eg stiller meg sterkt undrande til at regjeringa no set denne vegen på vent. Det vert nok ein kamp om denne saka!