Debatt
LÆREBOKA: Kva med læreboka; kan vi stole på den? Vi møter flott designa læreverk, og didaktisk er her mykje å hente. Men kva med innhaldet, spør Anita Sævik.
NTB / NTB
2+2=5? Lærebok og chatbot i fagfornyinga
Skolen kan ikkje transformere etablert fagkunnskap til ei postmoderne suppe. Det strir mot vitskaplege prinsipp og metode, og mot læreplanen. Skolen bør heller ikkje vere medium for ideologiske kampanjar. Dette er dessverre dagens scenario, med nye lærebøker og ein iver etter å bryte med fagtradisjonen. Kanskje vi bør konsultere chatboten.
Fagfornying = fagforfalsking?
Vi har no fått nye læreplanar i alle fag i grunnskolen og vidaregåande opplæring – ein reform som blir kalla fagfornyinga.