Økumenikk og Ekman

Eg treng ikkje bli katolikk, for det er eg - gjennom min eigen lutherske identitet og tradisjon, skriv Kjetil Aano.

Ulf Ek­mans kon­ver­te­ring til Den ro­mersk-ka­tols­ke kyr­kja ty­de­leg­gjer to sterkt mot­stri­dan­de tenden­sar i vår sam­tid:

Det førs­te er den enor­me opp­slit­tin­ga blant krist­ne kyr­kjer som har funne stad i løpet av dei siste tiåra.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I dag er det i følge IBMR godt over 40.000 re­gist­rer­te kyr­kje­sam­funn. I same tids­epo­ken har det øku­me­nis­ke ar­bei­det ført til ny kon­takt, gjen­si­dig an­er­kjen­ning og gode re­la­sjo­nar mel­lom kyr­kjer som i hundre­år har lege i kon­flikt, talt ned­set­tan­de om kvar­and­re, og nær­ast bygd sin iden­ti­tet på fiende­bi­le­tet av dei andre.

Dette har ført til at ulike kris­ten­tra­di­sjo­nar fri­mo­dig hen­tar inn­sikt og tru­s­er­fa­ring frå kvar­and­re. I Nor­den er heile den kon­temp­lai­ve rørs­la eit ut­trykk for det, og Peter Hall­dorf den ty­de­le­gas­te sym­bol­be­ran­de per­sonen.

Også mel­lom evan­ge­li­ka­le rørs­ler og dei his­to­ris­ke kyr­kje­ne er det for tida vek­san­de kon­takt og gode dia­lo­gar.

Eg del­tar sjølv i slike, mel­lom euro­pe­is­ke me­nig­hets­plan­ta­rar og den øku­me­nis­ke rørs­la, og gjen­nom Glo­bal Chris­ti­an forum, der både ka­to­lik­kar, or­to­dok­se, his­to­ris­ke pro­tes­tan­tar og pente­kos­ta­le av alle støy­pin­gar, fører sam­ta­lar og hand­lar saman.

Den enor­me veks­ten av nyare, fritts­tå­an­de kyr­kje­sam­funn både i Ves­ten, og like mykje i Afri­ka og Asia, gjer øku­me­nisk ar­beid vik­ti­ga­re enn noen gong.

Eg har i mange år del­tatt i det så­kal­la kon­si­liæ­re ar­bei­det - der ein søker semje om grunn­leg­gan­de saker, for å finna det syn­leg ein­skap ut­trykt gjen­nom fel­les fei­ring av natt­verd og gjen­si­dig an­er­kjen­ning.

Det er fort­satt svært vik­tig. Men det må kom­plet­te­rast av alle andre for­mer for fel­les­skaps-styr­kan­de ar­beid. Her er hjarte­språ­ket vik­tig, og al­li­anse­øku­me­nik­ken, der ein sam­last om opp­gå­ver utan å søka or­ga­ni­sa­to­risk ein­skap, har også sin plass.

Glo­bal Chris­ti­an Forum søker gjen­nom sitt ar­beid å bygga bru mel­lom desse to til­nær­min­ga­ne. Det er eit spen­nan­de til­tak, som bi­drar til å auka den gjen­si­dig for­stå­in­ga mel­lom kyr­kje­ne, og for at ein­skap kan ein ved­kjen­na seg trass i at ytre for­skjel­ler.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Bak alle desse til­taka må noe ve­sent­leg ligga til grunn. Å vera kyr­kje er ikkje å ar­bei­da i eit his­to­risk va­ku­um.

Kyr­kja eg er med­lem av, Den nors­ke kyr­kja, opp­sto ikkje med re­for­ma­sjo­nen på 1500-ta­let. Ho er ei tvert imot ei vi­dare­fø­ring av 1500 år med fel­les­kris­ten og så vest­leg ka­tolsk kris­ten­dom.

På same måten er det med pinse­vek­kin­ga­ne (og andre rørs­ler) som opp­sto for litt over 100 år sidan. Vi ber på vår rygg heile breid­da av kris­ten tra­di­sjon og tru.

Vi deler den same Bi­be­len, vi har våre våre ved­kjen­nin­gar (om vi for­melt har eit noe ulikt for­hold til dei) våre li­tur­gis­ke tra­di­sjo­nar (som alle har, men i litt ulike ut­gå­ve) og bøne­ne vi ber.

Øku­me­nisk ar­beid drei­er seg langt på veg om å finna måtar der ein gjen­si­dig kan ut­tryk­ka og stad­fes­ta dette.

Når krist­ne leia­rar opp­da­gar desse di­men­sjo­na­ne ved trua, hand­lar dei ulikt. Noen finn at dei kan løysa denne tran­gen etter sa­man­heng bare ved å knyta seg til ei be­stemt his­to­risk kyr­kje. Det var det Ekman gjor­de. Hans hand­ling tol­kar eg som eit ut­trykk for ein gjen­opp­da­ga øku­me­nisk sa­man­heng. Eg har re­spekt for hans val.

Men for meg er det mot­sett. Eg treng ikkje bli ka­to­likk, for det er eg - gjen­nom min eigen lu­thers­ke iden­ti­tet og tra­di­sjon! Eg treng ikkje bli pinse­venn hel­ler, for cha­ris­me­ne som mine pin­se-ven­ner har peikt på, dei hen­tar eg frå Skrif­ta, og søker å gi rom også i eige liv og i dei sa­man­hen­ga­ne der eg lever.

Slik søker eg å leva og tru øku­me­nisk. Slik finn eg heim til den sanne kyr­kja. Sam­ti­dig ar­bei­der eg for at ein­ska­pen kyr­kje­ne imel­lom kan bli stør­re, både gjen­nom hjarte­språ­ket, og gjen­nom or­ga­ni­sa­to­ris­ke og struk­tu­rel­le ut­trykk, der ein nær­mar seg kvar­and­re, og nær­mar seg kvar­and­res natt­verd­bord.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

DAGEN

Kjetil Aano

leiar i Mellomkyrkjeleg råd

Les også
Ekman og Halldorf - katolisisme og katolsk
Les også
På vei mot en evangelisk katolisitet?Peter Halldorf
Les også
Her forteller Ekman menigheten at han skal bli katolikk