Ekman og Halldorf - katolisisme og katolsk

Halldorf skriv reint formelt og held seg på yttersida av saka ved han at ikkje tek opp eit einaste lærespørsmål, skriv Johannes Kleppa

Det mest på­fal­lan­de vedUlf Ek­mans kon­ver­te­ring tilDen ro­mersk-ka­tols­ke kyr­kja er kan­skje at han grunn­gjev dette i den krist­ne ein­ska­pen.

Han legg då ein­ska­pen i denne kyr­kja. Det er ein un­der­leg tanke, sjølv om han er tvers gjen­nom ka­tolsk. Denne kyr­kja for­står seg sjølv som «mo­der­kyr­kja», og der har no Ekman funne sin plass.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Denne ka­tols­ke tanke­gan­gen er ei sterk til­sni­king i høve til rea­li­te­ta­ne av to grun­nar.

For det førs­te tek det ikkje på alvor at det er den sanne læra som ska­per ein­skap. Då må ein kunna visa ut frå Skrif­ta at det er den ka­tols­ke kyr­kja som har denne læra.

For det andre ser ein bort frå det fak­tu­met at denne kyr­kja ikkje re­pre­sen­te­rer nokon his­to­risk ein­skap. Like frå apos­tel­tida har det vore ulike kyr­kjer og kyr­kje­le­ge ret­nin­gar.

Dei kyr­kje­ne som i old­kyr­kja vende seg aust­over mot Kina, av­veik på ulike måtar frå kyr­kje­ne elles. Der­et­ter var det nokså kvas­se teo­lo­gis­ke stri­dar fram­over til vi fekk det en­de­le­ge skil­je på 1000-ta­let mel­lom den or­to­dok­se kyr­kja og (den ka­tols­ke) kyr­kja i vest.

Etter det kom re­for­ma­sjo­nen på 1500-ta­let som ville dra dei teo­lo­gis­ke li­ne­ne til­ba­ke til old­kyr­kja, men som vart for­dømd av pave­kyr­kja.

Den ro­mersk-ka­tols­ke kyr­kja har teke kon­se­kven­sa­ne av dette ved å ha ei teo­lo­gisk sett lukka natt­verd­bord.

Ulf Ekman har slut­ta seg til den ten­kin­ga som her er i ka­to­li­sis­men, sjølv om det er vans­ke­leg å for­stå at det er mog­leg for man­nen å endra så total teo­lo­gis­ke heil­skaps­ten­king som han må, frå trus­teo­lo­gi til ro­mersk-ka­tolsk lære.

Pinse­ven­nenPeter Hall­dorf er også opp­te­ken med det ka­tols­ke, men kan­skje mest av det old­kyr­kje­le­ge.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Han hadde i Dagen 17. d.m.ein pa­ra­dok­salt nok både tanke­vek­kan­de og tanke­tom kro­nikk.

Han er opp­te­ken med at ordet «ka­tolsk» betyr «all­menn», slik det står i tred­je trus­ar­tik­kel. Det er kor­rekt, men det er meir for­vir­ran­de enn opp­ly­san­de når dette vert brukt i sam­band med for­hol­det til den ro­mersk-ka­tols­ke kyr­kja.

I siste høvet står ka­tolsk for ei be­stemt lære, slik denne er ned­felt i ro­mersk-ka­tols­ke ved­kjen­ning.

Hall­dorf skriv reint for­melt og held seg på yt­ter­sida av saka ved han at ikkje tek opp eit ein­as­te lære­spør­små. Difor er ar­tik­ke­len hans utan sub­stans, og slik sett tanke­tom lære­mes­sig sett.

No er det slik at alle kyr­kje­sam­funn har med seg den grunn­leg­gjan­de lære­sub­stan­sen frå old­kyr­kja gjen­nom dei tre ved­kjen­nin­ga­ne som vart ut­for­ma då.

Det som skil ka­to­li­sis­men frå old­kyr­kja og det ka­tols­ke i ty­din­ga all­menn­kris­te­le­ge, er den læra som denne kyr­kja ut­vik­la ut gjen­nom mel­lom­al­de­ren, og som gjer denne kyr­kja til eit eige - og ikkje eit sam­lan­de - kyr­kje­sam­funn.

Ved at Hall­dorf ikkje går inn i lære­spørs­mål som han mei­ner skal verta til ein «evan­ge­lisk ka­to­li­si­tet», går han uta­nom pro­ble­ma og uta­nom saka, og det er berre til ån­de­leg for­vir­ring - same kor fromt det måtte høy­rast ut.

DAGEN