Anmeldelser
SLAGSTAD: Etter tre år på Bergen Katedralskule tok Rune Slagstad (biletet) til på teologistudiet i Oslo. Det forlèt han etter halvgått løp, og orienterte seg i staden mot filosofi og samfunnsvitskap, skriv Lars Gaute Jøssang.
Institutt for samfunnsforskning
Politisk idéhistorie med personleg vri
Det er aldri keisamt å lesa Rune Slagstad. Sjølv om stoffet er tungt og «teoretisk», maktar han likevel å få fram saka det handlar om på ein lettfatteleg måte.
Gjennom eit langt akademisk liv har Rune Slagstad ikkje berre skrive store og omfangsrike bøker. Meir og mindre heile tida har han også produsert mindre artiklar og kortare stykke til ulike føremål.
I denne boka har han samla og ordna stoff av den siste typen. Slagstad har blitt karakterisert som «en intellektuell vagabond», noko som understrekar det rastlause, søkjande og prøvande.
På danningsreisa har han møtt mange danningsagentar, det vil seie personar som på ulike måtar har gjort han til den han er. Dermed har dette også blitt ei personleg bok, og lat det straks vera sagt, her er mykje å fordjupa seg i.