Anmeldelser
Mykje solid teologi å hente
Den svenske teologen Seth Erlandsson fylte 80 år i august, og i den samanhengen vart det utgjeve eit festskrift til han. Det er eit skrift med svært lite om mannen, men det er 12 passeleg lange artiklar om teologiske emne som han har vore oppteken av. Det heile held godt teologisk nivå, og svarar slik sett til mannen.
Dogmatikk
Det er nok ein del i Noreg som kjenner til Seth Erlandsson, om kanskje ikkje så mange. Eg har aldri møtt mannen, men eg har lese ein del av det han har skrive, og eg høyrde på kassett for mange år sidan ein førelesningsserie i dogmatikk.