Anmeldelser
NAIV: «Eg har nok vore litt naiv og trudd at fascisme, nynazisme og høgreekstremisme ikkje hadde så stor plass i Tyskland», skriv Paul Odland.
Adobe Stock
Mørke over Tyskland
Kva er det med antisemittismen som gjer at sjukdomen ikkje let seg utrydda?
Dette er aktuelt samfunnsfag og folkeopplysning som alle oppegåande gjerne kan lesa. Men også ganske deprimerande.
Naiv
Eg har nok vore litt naiv og trudd at fascisme, nynazisme og høgreekstremisme ikkje hadde så stor plass i Tyskland. At dette landet – av alle i Europa – hadde gjort opp med si skrekkelege fortid. Det har det nok også gjort. Takk og lov.