Anmeldelser
ET LIV I LYS OG MØRKE: Statue av Hans Nielsen Hauge ved Uranienborg kyrkje.
Herman Frantzen
Lesverdig om gåten Hans Nielsen Hauge
Det er lite nytt stoff i denne boka, men framstillingsmåten er delvis ny. Gjennom boka vert det klart kor allsidig mannen var.
Det kjem stadig ut nye bøker om Hans Nielsen Hauge, og sidan det neste år er 200 år sidan han døydde, vil det sikkert koma enda fleire då. Det er mange innfallsvinklar til å skriva om Hauge, alt får det som gjeld hans personlege tru og liv, via forkynning og vekking til næringsverksemd og samfunnsinnsats – og kva innverknad han hadde på kyrkje- og samfunnsliv i ettertida. Noko er forskingsbasert, og anna byggjer på det andre har arbeidd fram.
Denne bok presenterer seg som «en dramatisert biografi om gåten Hans Nielsen Hauge», og det er ein grei presentasjon. Boka er i grenselandet til å vera ein roman. Det er ikkje nytt stoff i denne boka, og slik sett bidreg ho ikkje til Hauge-forskinga. Derimot er det ei ny forteljing om Hauge, der Hauge og folk omkring han kjem direkte til ordet gjennom sitat og tankar. Vi har eit par biografiar av denne sjangeren frå før, men denne er den mest gjennomførte, omfangsrike og utfyllande.
Boka startar med ei dramatisk hendig der den unge Hans var svært nær å drukna, men går etter det over til å følgja livet hans nokså kronologisk. Framstilling er då slik at det vert referert dei ytre livsforholda, med forfattarane som forteljarstemme, og så langt som mogleg sett frå Hauge sitt perspektiv.