For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold og vi har følgende tilbud

1 måned - 1 krone Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

| Kultur

Lærerikt om utvandrarane til USA

UTVANDRAR: Bilete viser ein utvandrarfamilie i Minnesota 1895.
Publisert Sist oppdatert

Denne boka ber tittelen «Utvandrerne» med den talande undertittelen «En norsk familiesaga i Amerika». Opplegget er slik at vi fylgjer ei lita gruppe menneske frå nokre bygder rundt Sognefjorden som våren 1844 dreg til Amerika. Det er altså namngjevne personar som vi fylgjer frå dei bestemmer seg for å utvandre og gjennom heile livet deira, for nokre like til deira dødsdag.

Fleire av desse har late etter seg skriftlege forteljingar om livet sitt, gjennom brev og rapportar, og dei finst i kyrkjebøker og andre oversikter. Nokre gonger byggjer forfattaren på andre sine forteljingar frå same området til same tida og i omtrent same situasjonen. Samla sett gir dette ei interessant og truverdig framstilling av einskildpersonar og familiar sitt liv.

Vi får vera med i vurderingane dei gjorde for å utvandra, gjennom ei strabasiøs reise over havet og inn i landet til dei kom til staden dei slo seg ned. Nokre av dei flytta fleire gonger, og dei fleste var farmarar. Vi får fylgja oppbygginga av hus og gard, etablering av samfunn og kyrkjeliv, giftarmål og barnefødsel, sjukdom og gode tider. Dei var ikkje redde for å ta eit tak, og livsvilkåra var ofte nokså enkle, men fleire arbeidde seg godt opp. Kristentrua var for mange sentral.

Powered by Labrador CMS