BOKAKTUELL: Professor i religionsvitskap ved Universitetet i Oslo, Dag Øistein Endsjø, er aktuell med ei bok om menneska sitt tilhøve til dyra.
Privat
Religionsprofessor med boka «Dyrenes evangelium»: – Dyra er våre søsken
UiO-professor Dag Øistein Endsjø reflekterer rundt dyra si rolle i skaparverket, Guds kjærleik til dyra og menneska som forsømer forvaltingsansvaret Gud tildelte dei.
Endsjø skildrar boka som ei vandring gjennom religionane si historie, der ein finn dyr, gudar og menneske side om side.
«Det handler om ærefrykt for livet. Det handler om hvordan vi alle er forbundet», skriv Endsjø i sine innleiande ord.
Eit poeng han nemner i boka, og som han òg understrekar i samtale med Dagen, er at det var dyra som opna heimen sin for Josef og Maria den natta Menneskesonen kom til jorda.